Universitetslektor ved Sosiologisk institutt - 20% stilling knytt til lektorutdanninga
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Universitetslektor ved Sosiologisk institutt - 20 % stilling knytt til lektorutdanninga
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor
Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 20 % stilling som universitetslektor for ein periode på 1.5 år frå 1. januar 2026. Den ledige stillinga vil vere knytt til lektorprogrammet ved instituttet.
Sosiologisk institutt har eit femårig integrert lektorprogram med master i sosiologi.
I tillegg til dette kan studentar ved lektorprogramma på Det humanistiske fakultet ved UiB og ta sosiologi som støttefag.
Vi søker ein person som er engasjert i samfunnskunnskapsfaga i skulen, og som har eit engasjement for å utdanne gode lektorar for ungdomsskule og vidaregåande skule, saman med andre involverte ved Samfunnsvitskapleg fakultet.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning i samfunnskunnskapsdidaktikk og anna undervisning knytt til lektorprogrammet
- Organisering og oppfølging av studentar i praksis, inkludert praksisbesøk
- Samarbeid med andre involverte i lektorprogramma ved Universitetet i Bergen
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad eller tilsvarande i ei av samfunnsvitskapane, der mastergrad i sosiologi er eit føremon
- Søkjar må ha pedagogisk basisutdanning
- Søkjar må ha omfattande røynsle med undervisning i ungdomstrinnet eller vidaregåande skule og rettleiing av studentar i praksis
- Søkjar må ha evne til samarbeid og engasjement for undervisning
Det er ynskjeleg at stillinga vert kombinert med arbeid i skulen. Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Relevant erfaring og kompetanse kan veie opp for manglande kvalifikasjonar.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årslønn tilsvarande 625 000 – 660 000 i 100 % stilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknad
- CV
- Godkjente kopiar av vitnemål og attester
- Kontaktinformasjon til to referansar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 12.oktober 2025.
Søknaden skal merkast: 2025/11563.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til programstyreleder for lektorprogrammet i sosiologi, Mona Langø, mona.lango@uib.no.
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2828b33d-04d9-4f68-9e83-cb05c07a6835
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10263261