Hopp til innhold

Jurist (vikariat) – tilsyn med ulovlege pengespel

Arbeidsgiver

Pengespel, Lotteri- og stiftelsestilsynet

Sted

Storehagen 1B, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest i morgen

Vil du bruke jussen til å bidra til at færrast mogleg får speleproblem? No ser vi etter ein jurist til pengespelavdelinga til Lotteritilsynet.

Kven er vi? Lotteritilsynet fører tilsyn og kontroll med både den lovlege og ulovlege pengespelmarknaden. I Noreg er det i hovudsak Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel.

Å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring er avgjerande for å nå målet om eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod.

No har vi ledig eit vikariat som jurist i pengespelavdelinga, i laget  som jobbar mot den ulovlege marknaden. Stillinga kan vere aktuell både som første juristjobb og for deg som har erfaring frå offentleg forvaltning eller tilsyn.


Kva går jobben ut på?

Du vil jobbe med tilsyn med ulovlege pengespel, særleg på nett.

Arbeidet omfattar både tilsyn med sjølve  spela, marknadsføringa av dei og stans av pengeoverføringar til og frå utanlandske spelelskap. Aktørane du vil ha kontakt med er mellom anna spelselskap, influensarar, internettleverandørar, bankar og finansinstitusjonar.

Hos oss får du bruke jussen i praksis – og sjå konkrete resultat av arbeidet ditt.

Kva skal du jobbe med?

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:

  • å utarbeide informasjonsbrev om regelverket til ulike aktørar, for eksempel influensarar
  • å svare på spørsmål om regelverket, skriftleg og på telefon, til dømes frå spelarar
  • saksbehandling og reaksjonar, mellom anna vedtak med pålegg om retting og stans av ulovlege tilbod og marknadsføring, i kombinasjon med tvangsmulkt
  • arbeid med DNS-blokkering av ulovlege pengespelnettstader
  • klagesaksbehandling
  • samarbeid med andre etatar om forbrukarvern på spelfeltet

Arbeidsoppgåver og ansvar vil bli tilpassa kompetansen og erfaringa di. 

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som har master i rettsvitskap. Stillinga kan vere aktuell både for nyutdanna juristar og for deg som har noko erfaring. 

Har du erfaring frå offentleg forvaltning eller tilsyn, er det ein fordel. Samtidig oppmodar vi også nyutdanna til å søke. For deg som er ny i arbeidslivet, vil vi legge til rette for god opplæring og tett samarbeid i laget. 

For å trivast og lykkast i rolla er det viktig at du:

  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • samarbeider godt med andre
  • har god munnleg og skriftleg formidlingsevne

Du må rekne med noko reising i samband med jobben.

Kva tilbyr vi?

Her får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.

Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimefrå og å møtast på kontoret. Det legg vi sjølvsagt til rette for.

I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre.

Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter. 

Verd å merke seg

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse i bedrifta, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det.

Kontaktinformasjon

Tore Bell, avdelingsdirektør pengespel, +47 992 84 339, tore.bell@lottstift.no
Silje Sægrov Amble, seniorrådgivar pengespel, +47 474 09 954, silje.saegrov.amble@lottstift.no

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet

Referansenr.: 5075024332
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Tore Bell

avdelingsdirektør pengespel

+47 992 84 339

tore.bell@lottstift.no

Silje Sægrov Amble

seniorrådgivar pengespel

+47 474 09 954

silje.saegrov.amble@lottstift.no

Om bedriften

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.

På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping. 

Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊 

Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

27fdefee-d3ee-4bed-a220-f328f8cba922

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d9bd346b58fb4b5b8f258c8a09264595

Lignende annonser

Jurist (vikariat) – tilsyn med ulovlege pengespel - arbeidsplassen.no