Helsepersonell til stillingar på natt- tiltak barn i privat heim på Sjøholt
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Steinholtvegen 6, 6240 Ørskog
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsepersonell til stillingar på natt- tiltak barn i privat heim
- Type ansettelse
- Annet, deltid 80%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Vi søker etter helsepersonell/assistenter til arbeid på langvakt, i ca 80 % stilling. Eine stillinga er på natt, den andre på dag/kveld. Arbeid kvar 3.helg.
Arbeidet er i privat heim i distriktet Ørskog, med kontinuerlig tilsyn og hjelp/oppfølging av eit barn på rundt 3 år.
Opplæring vil foregå på dagtid.
Oppstart i stilling frå rundt 1.sept, men med muligheter for oppstart med opplæring og/eller ekstravakter tidligare.
Arbeidsoppgåver
- Sikre nødvendig helsehjelp til barnet i tråd med gjeldande vedtak og retningslinjer
- Samarbeide tett med med føresatte/pårørende - avlastning
- Observasjon, kartlegging og iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
- Prosedyrer og medisinsk oppfølging etter opplæring
- Legemiddelhåndtering, medisinsk behandling og oppfølging
- Omsorg, stimulering og trening med barnet
- Samarbeid med ulike tenesteområde og faggrupper
- Bidra til auka livskvalitet
Kvalifikasjonar
- Primært ønskeleg med utdanning innan helse
- Assistenter med relevant erfaring innen helse og/eller arbeid med barn kan bli vurdert.
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR). Det er også krav til at søkjar kan kommunisere på engelsk muntleg.
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm)
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter ein roleg omsorgsperson med gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig, nytenkande og endringsvillig
- Evne til å både arbeide effektivt og til å bevare ro i hektiske situasjoner
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Grundig opplæring
- Tilrettelagde fasiliteter for den tilsette
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i henhold til tariff
- Bedriftshelsetjeneste
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidssted
Steinholtvegen 66240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ålesund kommuneReferansenr.: 5155654764
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27dfbfca-f394-46ab-8e50-683c197b898f
- Sist endret
14. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31c401a689774635b714ef8560bd7fb5