Hopp til innhold

Vernepleiar

Arbeidsgiver

Allmennpsykiatrisk post Karmøy - Haugaland DPS

Sted

Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleier
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du jobbe på brukarstyrt post i Helse Fonna?

Avdelinga vår er i ei spennande utvikling – frå brukerstyrte senger til allmennpsykiatrisk døgnpost – og ønskjer oss ein vernepleiar som møter pasientane med ro, tydelegheit og varme.

Hos oss vil du møte vaksne pasientar i planlagde forløp, mellom anna knytt til affektive lidingar, angst, eteforstyrringar og traume. Du får bruke vernepleiarfaget i praksis med miljøterapi, støttande samtalar, medikamenthandtering og faglege innspel inn i behandlinga.

Posten har 8 sengeplassar, og du blir ein del av eit trygt, tverrfagleg lag med overlege, psykologspesialist, vernepleiarar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Vil du ta ein prat før du søkjer? Ta gjerne kontakt med funksjonsleiaren vår, Eivind Andresen.

👉 Vi gler oss til å høyre frå deg.


Kva går jobben ut på?

Som vernepleiar hos oss vil du mellom anna:

  • Vere ein aktiv del av miljøterapien og bidra til tryggleik, struktur og god døgnrytme.
  • Samarbeide tett tverrfagleg – og med eksterne instansar ved behov.
  • Administrere medisinar og følge opp tiltak i pasientforløpa.
  • Vere med i vidareutviklinga av posten, der vi koplar pasientar på intensive behandlingsløp på tvers av poliklinikk og døgn (t.d. planlagd intensiv behandling for PTSD og 4-dagars team for sosial angst).

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Godkjend autorisasjon som vernepleiar.
  • Erfaring frå samarbeid på tvers.
  • Relevant erfaring (psykisk helse/psykiatri og/eller miljøterapi) er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er trygg, roleg og jobbar stødig – også når det blir travelt
  • formidlar tydeleg og skapar tillit hos pasientar, pårørande og kollegaer
  • møter pasientane med omsorg og respekt, og set grenser når det trengst
  • er løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlige egenskaper vil bli vektlagt.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du eit:

  • Tverrfagleg miljø - med helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, psykiatriske sjukepleiarar, vernepleiarar - og psykologspesialist og overlege tett på.
  • Ei tydeleg rolle i miljøterapien – og moglegheit til å vere med og forme ein post i utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Eivind Andresen, Funksjonsleiar/Psykologspesialist, +47 96014560

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5063719093
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2764e4ab-3430-4064-9e5f-6e2f6aa1b36c

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ecc702cb592546b7bf400469886b4c09

Lignende annonser

Laster lignende annonser