Hopp til innhold

Ledig stilling som kyrkjeverje/ dagleg leiar (100% fast)

Arbeidsgiver

Vestre Slidre Kyrkjeleg Fellesråd

Sted

Slidrevegen 20, 2966 Slidre

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Kirkeverge
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Stillinga som kyrkjeverje i Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd er ledig frå februar 2026. Kyrkjeverja har ei sentral rolle i utviklinga av folkekyrkja i Vestre Slidre i samarbeid med prestetenesta.

Den norske kyrkje forvaltar ein rik kulturarv, og i Vestre Slidre er det fire kyrkjer, eit kapell og ein kyrkjeruin, alle innafor ein radius på åtte km frå kyrkjekontoret. Fellesrådet er óg gravplassmyndigheit i kommunen og har forvaltningsansvaret for fire gravplassar og andre bygg som høyrer til kyrkja.

Kyrkjeverja er den øvste administrative leiaren for kyrkjeleg fellesråd i Vestre Slidre, og skal hjelpe fellesrådet med å leie strategi - og utviklingsarbeid. Kyrkjeverja har óg ansvar for kyrkja sin administrasjon og økonomi med investeringar, drift og vedlikehald av eigedommar med eit årleg driftsbudsjett på ca. 4 mill. kroner. Stillinga inneber arbeidsgjevaransvar for ca. 7 tilsette (ca 3 årsverk), her rekna med kontorfullmektig, kantor, menigheitspedagog, kyrkjetenar, klokkarar og ringarar. I tillegg har stillinga HMS-ansvar for soknepresten i kommunen. Kyrkjekontoret ligg sentralt i Slidre.

Kyrkjeverja skal vera ein synleg representant for fellesrådet og bidra til dialog og samarbeid med både politiske og administrative offentlege myndigheiter; både kommunen, prosten, bispedømmerådet, Riksantikvaren og andre relevante instansar.

Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og utviklingsorientert kyrkjeverje/dagleg leiar som er trygg i leiarrolla og som har evna til å utvikle verksemda til fellesrådet. Den nye kyrkjeverja/daglege leiaren må ha solid sosial kompetanse og forståing for kva det inneber å leie ei verksemd med tilsette i ulike profesjonar, og å samarbeide med frivillige som bidreg med betydeleg innsats. Stillinga krev gode skriftlege ferdigheiter, samfunnsinteresse og solid arbeidskapasitet.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle verksemda og ansvarsområdet til fellesrådet, og på vegne av rådet

  • Ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna gjennom kyrkjeleg fellesråd

  • Utarbeide mål og planar for verksemda til fellesrådet

  • Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei som blir lønna over fellesrådsbudsjettet

  • Budsjett, økonomi og rekneskapsarbeid

  • Gravplassforvaltning

  • Saksbehandling for fellesrådet og oppfølging av vedtak som blir fatta der

  • Bidra til samhandling og fremme samarbeid mellom aktuelle kyrkjelege organ, samt representere i forhold til aktuelle offentlege myndigheiter

  • Kyrkjeverja har eit særskilt ansvar for å ivareta kyrkjebygg- og gravplassforvaltning som ligg til fellesrådet, og vidare ivareta interesser for sokna i forhold til kommunen

  • I ein liten stab vil det óg vere naturleg for kyrkjeverja å bidra i praktiske gjeremål saman med andre tilsette ved behov

Kvalifikasjoner

  • Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og planarbeid

  • Relevant utdanning på høgskulenivå med minimum bachelorgrad eller tilsvarande Særleg relevant realkompetanse kan vega opp for manglande formell utdanning

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Gode evner til å arbeide med komplekse problemstillingar

  • God formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.

  • Medlem i Den norske kyrkje og at du kan identifisere deg med verdigrunnlaget til kyrkja og oppdraget <<Meir himmel på jord>>.

  • Søkjar må disponere eigen bil

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner med fokus på lagbygging

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter

  • Kunne glede seg over å sjå resultat gjennom medarbeidarar

  • Stor evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ

  • Serviceinnstilt, påliteleg og strukturert

  • Personleg egnaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Fast tilsetjing

  • Lønn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP

  • Varierte arbeidsdagar og fleksibel arbeidstid

  • Kjøregodtgjering utbetalt etter gjeldande regelverk

  • Arbeidsplass i ein vakker kommune med rikt friluftsliv og kulturliv, dessutan ein solid og god grunnskule og kulturskule, båe med gode lærar-ressursar, og barnehagar med full dekning.

  • Hjelp med å finne bustad

For å skape grunnlag for godt og trygt miljø for alle, må det leggjast fram politiattest før tilsetting i samsvar med Trossamfunnslovens § 20 og Politiregisterloven § 39, første ledd.

Når søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ynskje om å bli unntatt frå denne lista må grunngjevast i søknadsportalen, og du vil uansett få ei tilbakemelding på dette. Dersom ynskjet ditt ikkje kan imøtekomast, vil det vera mogleg å trekkje søknaden.


kirke kirkeverge daglig leder

Om bedriften

Kyrkjeverja er den øvste administrative leiaren for kyrkjeleg fellesråd i Vestre Slidre, og skal hjelpe fellesrådet med å leie strategi - og utviklingsarbeid. Kyrkjeverja har óg ansvar for kyrkja sin administrasjon og økonomi med investeringar, drift og vedlikehald av eigedommar med eit årleg driftsbudsjett på ca. 4 mill. kroner. Stillinga inneber arbeidsgjevaransvar for ca. 7 tilsette (ca 3 årsverk), her rekna med kontorfullmektig, kantor, menigheitspedagog, kyrkjetenar, klokkarar og ringarar. I tillegg har stillinga HMS-ansvar for soknepresten i kommunen. Kyrkjekontoret ligg sentralt i Slidre.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2755569d-d31b-4e19-9cb2-579d5bfbe73e

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

2755569d-d31b-4e19-9cb2-579d5bfbe73e

Lignende annonser

Laster lignende annonser