Avdelingsleiar i Bu- og avlastingstenesta
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar i Bu- og avlastingstenesta
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Om stillinga
Bu- og avlastingstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar. Eininga består av fem bufelleskap, fem bustadar, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer tenester til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Vi har ledig ei fast stilling som avdelingsleiar. Stillinga vil innebere leiaransvar for bufellesskap/butiltak i eininga. I eininga vil du bli ein del av leiargruppa som består av fem avdelingsleiarar og einingsleiar. Stillinga er ledig frå 01.01.2026
Vi ser etter ein leiar som brenn for å sikre gode tenester til målgruppa, og som kan trygge, støtte og motivere våre tilsette slik at dei kjenner mestring i sin arbeidskvardag. Som leiar er du oppteken av å skape ein kultur med fokus på eit godt arbeidsmiljø og du har ei høg etisk bevissthet. Du er fagleg dyktig, engasjert, motiverande og ynskjer å ta ansvar for at kvaliteten er i høgsetet.
Vi tilbyr
- Som leiar hos oss vil du møte eit engasjert, humørfylt, inkluderande og støttande kollegie. Hos oss er det korte linjer og alltid råd å få!
- Varierte utfordringar i samarbeid med ei kompetanserik, positiv og engasjert personalgruppe
- Stort handlingsrom og moglegheit for å påverke utvikling av tenestane
- Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar
- Årsløn f.t. 810 000 kr.
- f.t.10 kompensasjonsdagar/ leiarfri dagar per kalenderår jf. lokal avtale. Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Kven er du?
Våre tilsette ynskjer seg ein leiar som dei har tillit til, ein som ser deira engasjement og forstår deira utfordringar. Du vil få moglegheit til å vere leiar for flotte personalgrupper med eit høgt engasjement og forplikting til sitt arbeid. Våre tilsette har høg stå-på vilje, og er fleksible i å finne gode løysingar for å bidra til at dei som treng vår hjelp og støtte har gode og opplevingsrike dagar.
Du skaper oppslutning om utvikling og motiverer tilsette i endringsprosessar og har gode samarbeidsevner.
Du trivast med å rettleie andre, tar initiativ og er løysingsorientert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege driften i bustadane
- Ansvar for rekruttering, opplæring og personaloppfølging
- Oppfølging og kvalitetssikring av det faglege arbeidet i bustadane og sikra at dette er i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
- Økonomistyring i henhold til budsjett, månadleg økonomirapportering med utarbeiding av prognose
- Vere utviklingsorientert og oppteken av å forbetre tenestekvaliteten og utnytte ressursane på ein fleksibel og effektiv måte. Sikre eit godt samarbeid med pårørande og øvrige samarbeidspartnarar
- Sørge for ansvarsgruppemøter/ samarbeidsmøter, iverksetting og oppfølging av faglege tiltak og planar
- Ansvar for internkontroll på tenestestadane
- Andre delegerte oppgåver frå einingsleiar
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleier
- Ynskjeleg med relevant vidareutdanning innan leiing og administrasjon
- Ynskjeleg med leiarerfaring
- Må ha minimum 5 års erfaring med målgruppa
- Kjennskap til og erfaring med turnusplanlegging samt relevant lov og avtaleverk
- Ynskjeleg med erfaring frå rekruttering og personalarbeid
- Kunnskap og erfaring i utøving av relevant lovverk for tenesta
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar er ei føresetnad
- Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i team
- Førerkort kl.B
Anna informasjon
- Tidspunkt for 1.gongs intervju er sett til 14.11 2025
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
- Kommunen har 6 månaders prøvetid ved tilsetjing
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
272d69a2-458c-4d0c-b486-b5a336e1b9a6
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267821
Lignende annonser
Spennende stilling i Raus bufellesskap med langvaktar
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Haus
Avdelingsleiar habilitering - 2.gongs utlysing
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Lonevåg