HR-konsulent
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
HR-konsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga som HR-konsulent
I Osterøy kommune har vi ledig vikarstilling som HR-konsulent på avdelinga HR- og organisasjon. Som ein del av vårt gode lag vil du kunne bli ein del av eit kompetent og engasjert lag med høg grad av kompetansedeling, samarbeid og utvikling.
Vikariatet har oppstart 01.12.2025 og varar til og med 31.10.2026, med moglegheit for forlenging.
Vi er ein liten avdeling på fem tilsette, inkludert leiar. Arbeidsplassen vår er på rådhuset i Lonevåg og her trivst vi godt. Det er gode parkeringsmoglegheiter for tilsette og dessutan ikkje langt til busshaldeplass om ein reiser kollektivt.
Vi ser etter deg som ønskjer utviklingsmoglegheiter og som er interessert og har komptanse i HR-faget. Her vil ein samarbeide på tvers av organisasjonen, og rettleiing, rådgjeving og bistand av både leiarar og tilsette er ein viktig del av stillinga!
Høyres dette interessant ut? Ta kontakt med oss då vel!
Arbeidsoppgåver
Som HR-konsulent vil du gje leiarstøtte og rettleiing til leiarar og tilsette innan relevante og aktuelle lov- og avtaleverk. Det vil også vere sakshandsaming innan personalforvalting knytt til stillinga. Vi nyttar idag Sikri Elements som sakshandsamingssystem. Har du ikkje kjennskap til dette systemet vil du sjølvsagt få opplæring av ein dyktig kollega.
Du vil arbeide med rutinar, reglement og retningslinjer, både med oppretting av nye, revidering av eksisterande og forbetring/tilpassing der det er behov for justering. Du vil vere ein viktig bidragsytar i å støtte leiarar i arbeid med rekruttering og oppfølging av sjukefråvære. Du vil vere leiaren sin sparringspartnar i mange ulike sakar og situasjonar, noko som er både spennande og lærerikt.
Du vil saman med HR- og organisasjonsleiar og det dyktige teamet vårt få tildelt oppgåver og ansvarsområde ut frå kompetanse og erfaring.
Vi tilbyr
Som tilsett i Osterøy kommune får du ei spennande stilling og ein solid moglegheit til å påverke utviklinga av HR-området i kommunen.
Du vil bli del av eit kompetent arbeidsmiljø som er oppteken av utvikling, effektivisering, digitalisering og kompetansebygging. Vi ser stadig etter nye og betre metodar å løyse oppgåvene våre på. Det håper vi at du og gjer!
Vi har eit godt arbeidsmiljø med god takhøgde, både på avdelinga og på rådhuset i heilskap. Eit godt arbeidsmiljø er viktig for oss - det er tross alt her vi er store deler av dagen!
Ein vil bli innplassert i stillingskode konsulent eller spesialkonsulent etter kompetanse og erfaring.
Vi har ei fleksibel arbeidstidsordning og knallgode pensjons- og forsikringsordningar!
Kvalifikasjonskrav
- Det er ønskjeleg med bachelorgrad i HR og personalledelse, eller andre relevante fagområde som til dømes kompetanseutvikling, administrasjon, organisasjonspsykologi og/eller arbeidsrett
- Kjennskap til relevante og aktuelle lov- og avtaleverk er ein fordel
- Det er positivt om du har kjennskap til offentleg sektor
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne og kunne leggje fram sak til kommuneadministrasjon og/eller politiske utval
- Du må ha god relasjonskunnskap og særleg gode samarbeidsevne
- God digital kompetanse er eit krav. Arbeidsverktøyet ditt vil vere PC og vi arbeidar hovudsakleg papirlaust. Det er ein fordel om du har kjennskap til system som til dømes Office365, Sikri Elements, JobbNorge, Visma Enterprise og Netpower kvalitetssystem. Du vil få opplæring på arbeidsplassen og det er ei forventning at ein evnar å setje seg inn i ulike fagsystem.
Kven er du?
Vi ser etter deg som arbeidar godt saman med andre, ikkje er redd for å spørje om hjelp og som likar å dele av eigen kunnskap. Du må gjerne by på deg sjølv, og du bør vere utadvent og like å skape nye relasjonar, samt å vedlikehalde etablerte relasjonar.
Du kommunisera godt og er oppteken av å spele andre gode. Avdelinga arbeidar saman for at organisasjonen i heilskap skal utvikle seg til å nå sitt potensiale!
Du har ei positiv haldning og bidrar gjerne med gode tankar, idéar og forslag som kan bidra til problemløysing og effektivisering.
HR har ei viktig rolle i å evne å vurdere fleire sider av sakane ein handsamar, ut frå eit arbeidsgjevarperspektiv. Du som medarbeidar bør kunne evne å reflektere, vurdere og evaluere på ein måte som gjenspeglar dette.
Avdelinga vår er så spent på å møte nettopp deg og ser fram til å ta godt i mot vår nye kollega!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Susanne Bendiksen
Konstituert HR- og organisasjonsleiar
+4756192169
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
91d87e71-1b0e-44ed-8979-ebc0f2fea0d6
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266066