Avdelingsleiar
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar habilitering - 2.gongs utlysing
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Om stillinga
Vil du vere med frå starten og forme noko heilt nytt?
I desember/ januar opnar vi eit nytt bufellesskap på Frekhaug, og no søkjer vi ein engasjert avdelingsleiar. Her får du ei unik moglegheit til å vere med frå starten til å skape ein trygg og god heim for bebuarane og eit godt arbeidsmiljø for tilsette. Du må like å ta ansvar i oppstart og planlegging, og vere ein pådrivar for å skape eit fagmiljø som er prega av kvalitet, samarbeid og utvikling.
Stillinga som avdelingsleiar er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til einingsleiar. Avdelingsleiar har personal- og fagansvar i si avdeling, men har ikkje heilskapleg ansvar. I denne stillinga vil du som avdelingsleiar også ha faglig ansvar for ein anna bufellesskap som er tett tilknytta avdelinga. Som avdelingsleiar kan du få delegert enkeltoppgåver innan for eksempel økonomi og HMS- arbeid av einingsleiar. Avdelingsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe.
Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil du kunna få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som avdelingsleiar. Ved lengre fråvær av einingsleiar vil du ved behov kunne verte konstituert jmf HTA § 13.4. Avdelingsleiar skal saman med einingsleiar i avdelinga være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i avdelinga er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester i framtida.
Stillinga er ei dagstilling (37,5 t/v)
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift
- Personalansvar
- Saman med einingsleiar ha ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innanfor ramma av dei ressursane avdelinga disponerer.
- Ansvarleg for at avdelinga arbeidar etter kommunen sine fag- og kvalitetssystem
- Gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Sørge for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla sett har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
- Ta initiativ til og gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
- Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
- Sikre god løpande dialog med brukarar og pårørande
Kompetanse
- Autorisert vernepleiar.
- Relevant arbeidserfaring som leiar med personalansvar
- Har innsikt i korleis kommunale tenester er organisert og erfaring med kommunens fagsystem
- God kjennskap til drift av bufellesskap
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel dersom du har:
- Veileder kompetanse
- Erfaring med Kap.9
Kven er du?
- Har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse, og evne til å skapa tillit
- Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Er systematisk og strukturert
- Evnen til å prioritere arbeidsoppgåver
- Evner å inspirere og motivere
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Dei personlege eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på.Me tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring
- Høg kompetanse i avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har brukar i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Løn: Etter avtale
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Me har jobba over tid med heiltidskultur, og er i ein prosess med tenestestyrt bemanning og oppgåvedeling for å kunne yte gode og bærekraftige tenester i framtida. Alver kommune er i ein omstillingsprosess " Alver kommune i endring og omstilling 2026" der me saman skal byggje Alver-laget for framtida.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
82b1aaad-78c8-464d-a442-15654c6a659b
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267087
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Sted
Tysse
Vernepleier/sykepleier/fagarbeider i Avlastningsbustader.
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Arbeidsgiver
Mildeheimen sykehjem, Bergen kommune
Sted
Hjellestad