Avdelingsleiar på Skottabakken Bufellesskap
Samnanger kommune
Tyssevegen 97, 5650 Tysse, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar på Skottabakken Bufellesskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Me har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar ved Skottabakken bufellesskap og søkjer ein tydeleg og strukturert medarbeidar, som er nytenkjande og løysingsorientert. Arbeid på dagtid, 37,5 t/veka.
Skottabakken bufellesskap ligg sentralt i Samnanger, 40 min. køyring frå Bergen sentrum.
Skottabakken bufellesskap har 11 bebuarar og tilbyr omsorg og støtte både til bebuarar i bufellesskapet, heimebuande og andre tiltak. Skottabakken er tilrettelagt for bebuargruppa, noko som blir gjenspegla i utforminga av bygning og uteområde.
Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for den daglege drifta, personal- og økonomiansvar, tett samarbeid med einingsleiar og du vil vere med å bidra til utvikling og kvalitet i tenesta.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar saman med einingsleiar – oppfølging, rettleiing og utvikling av medarbeidarar
- Turnusplanlegging og bemanningsoppfølging
- Økonomiansvar: budsjett, rapportering og kontroll
- Dagleg drift, inkludert HMS og kvalitetssikring
- Utarbeide og oppdatere rutinar og prosedyrar
- Rapportere til einingsleiar og bidra med styringsinformasjon
- Drive utviklings- og endringsarbeid etter føringar og behov
- Samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Dialog og oppfølging av pårørande
- Bidra til eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Krav- Godkjent autorisasjon som sjukepleiar
- Leiarerfaring, gjerne frå bufellesskap eller liknande tenester
- Erfaring med personalleiing og turnusplanlegging
- Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring med budsjett og økonomioppfølging
- Erfaring frå utviklings- og endringsarbeid i helse- og omsorgstenester
- Kjennskap til HMS og kvalitetssystem
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar på ein inkluderande måte
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert og handlekraftig
- Strukturert og ansvarleg
- God samarbeidsevne og relasjonsbyggjar
- Fleksibel og tilpassingsdyktig, særleg i endringsprosessar
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Tydelig kommunikasjon, både med team, leiar og pårørande
- Engasjert i fagleg utvikling og kvalitetssikring
Me tilbyr
- Ei variert og utviklande leiarstilling
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Engasjerte kollegaer og godt fagmiljø
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Skottabakken stod ny i 2020 og ligg i gangavstand til Bjørkheim senter.
Skottabakken består av 10 leilegheiter, samt ein avlastar leilegheit. Bufellesskapet har bebuarar med utviklingshemming, ulike funksjonsnedsettingar med behov for pleie og omsorg, og tilrettelagt bu- eller aktivitetstilbod.
På Skottabakken er det lagt stor vekt på at brukarane får eit godt butilbod, aktivitet og eit godt helsetilbod. Tilsette er genuint opptatt av å skapa tryggleik og trivsel og jobbar tett med bebuarane si eiga meistring. Stabil faggruppe med høg kompetanse.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dac619d9-7ead-4f00-b0d9-6a48b986c0a3
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265564