Stipendiat i matematikk med fokus på bruk av geometri i maskinlæring
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5006 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i matematikk med fokus på bruk av geometri i maskinlæring
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. april
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i matematikk med fokus på bruk av geometri i maskinlæring
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikk innan bruk av geometri i maskinlæring. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Geometric Deep Learning (GDL) er ei grein av maskinlæring som utviklar nevrale nettverksmodellar ved å innarbeide symmetriar og geometriske strukturar som ligg til grunn for dataa. Dette rammeverket gjer det mogleg å arbeide effektivt med data definerte på domene
som har ibuande form eller symmetri, slik som artikulerte hand- og kroppsposisjonar, overflater, grafar og permutasjonar av input. Framståande arkitekturar – inkludert grafnevrale nettverk (GNN) og konvolusjonsnevrale nettverk (CNN) – kan sjåast som spesialtilfelle innanfor det breiare GDL-paradigmet.
Forsking innan GDL byggjer på eit solid teoretisk fundament, med bruk av gruppeteori, differensialgeometri og representasjonsteori. Ytingsforbetringar som spring ut frå geometriske prinsipp kan ikkje reproduserast berre ved å skalere opp datamengder eller rekneressursar. PhD-prosjektet vil ta for seg både dei matematiske grunnlaga og den praktiske implementeringa av ekvivariante nevrale nettverk. Sentrale motiverande problemstillingar inkluderer:
- læringsmodellar styrte av partialdifferensialligningar (PDE-ar) på ikkje-lineære rom,
- overføringslæring mellom domene med ulike geometriske strukturar, og
- score-baserte metodar inspirert av geometrisk statistikk og stokastiske prosessar på
mangfald
- Gjennomføre grunnleggjande forsking på nevrale nettverk for signal definert på domene
med symmetigrupper. - Identifisere og utforme effektive nettverksarkitekturar og lagstrukturar.
- Implementere ekvivariante arkitekturar, utføre eksperiment og evaluere og samanlikne ytinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk, eller i informatikk med ein matematiske bakgrunn. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2026. Det er ein føresetnad at
mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. - Erfaring med oppsett, trening og bruk av maskinlæringsmodellar er eit krav.
- Kjennskap til grunnleggjande abstrakt algebra, særleg gruppeteori, er eit krav.
- Kunnskap om mangfald, representasjonsteori og/eller differensialgeometri er ein fordel.
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Søkjar bør kunne arbeide med forskarar ved både Matematisk institutt og Institutt for
informatikk
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. . Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing av søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktinformasjon til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing
- relevante attestar/referansar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- liste over vitskaplege arbeid (dersom relevant)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Erlend Grong, Matematisk institutt (erlend.grong@uib.no) eller professor Nello Blaser, Institutt for Informatikk (nello.blaser@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26fe8c26-bec9-40e7-8400-668eef3b56fa
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290006