Hopp til innhold

Ferievikarar 2026 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar 

Arbeidsgiver

Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar 2026 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane våre, og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har behov for ferievikarar frå og med veke 24 til og med veke 33.

Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.


Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • 2. eller 3. års bioingeniørstudent
  • Bioingeniørstudent som er ferdig med 1. studieår kan også søkje
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Joar Ulstein, Seksjonsleiar, Joar.Ulstein@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5042366500
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026

Om bedriften

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

26af207a-e80c-443a-b5e7-aff4445ee98b

Sist endret

1. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

349934602ae24362857292f501c4e21a

Lignende annonser