Hopp til innhold

Sande heimeteneste har ledige stillingar som

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Sande heimeteneste

Sted

Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. juli

Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje glede? Då har vi jobben for deg!

Heimetenesta på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår. Vi ønsker oss medarbeidarar som er rause, engasjerte, entusiastiske og modige, og håpar at du er den rette!

Vi har fleire ledig stillingar:

  1. Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling for snarleg tilsetting
  2. Helsefagarbeidar i 100 % vikariat i perioden 17.08.2026 - 24.01.2027
  3. Helsefagarbeidar i 60 % vikariat i perioden 01.09.2026 - 25.10.2027
  4. Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling frå 15.02.2027

    Helgestillingar:

  5. Helsefagarbeidar i 7 % fast helgestilling 
  6. Helsefagarbeidar i 7 % fast helgestilling 
  7. Helsefagarbeidar i 14 % fast helgestilling 

Vi oppmodar også søkarar utan helsefagleg utdanning, men med relevant erfaring, interesse og personleg eigenskapar som passar til stillinga om å søke. Dei vil bli tilsett i mellombels stilling dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar. 

Helgestillingane er for snarleg tilsetting etter avtale. For alle stillingane over 14% er det 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg i snitt. Stillingane på 7% er kvar 6.helg, vanlege vakter.

 

Vi ser etter deg som:
  • har ønske om og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
  • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
  • evnar både til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og har gode samarbeidsevner
  • møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg
  • er fleksibel, løysingsorientert og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • oppteken av å fremje meistring, livskvalitet og brukarmedverknad

 

Vi tilbyr:
  • drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • varierte arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • leiing som er nær
  • Kr 5000,per år i rekrutterings- og stabiliseringstillegg
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning 

 

Søkar må ha:
  • offenteleg godkjent helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
  • førarkort klasse B
  • kunne kommunisere godt norsk både skriftleg og munnleg
  • god IT-kunnskap

 

Vi startar med årsturnus frå 26.10.2026.
Vi disponerar bilar i tenesta vår.

Gyldig politattest må leggast fram før start i stilling. 

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillingane. Velkommen som søkar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Einingsleiar Therese Brakestad

+47 97054100 +47 57718235

therese.brakestad@sunnfjord.kommune.no

Om bedriften

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

264f608c-2b93-4c71-b181-5d79da10e193

Sist endret

2. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3642557_191725_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser