Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest torsdag 11. juni

No er det eit år sidan vi flytta inn i det heilt nye og moderne sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Ved innflytting blei det oppretta ein heilt ny sengepost for vaksne pasientar med sjukdommar innan fagområda kreft, palliasjon og blodsjukdommar – Sengepost Medisin 1.  

I denne sengeposten arbeider vi i team som består av sjukepleiarar, spesialsjukepleierar, helsefagarbeidarar og studentar og vi jobbar tett med dei andre faggruppene på sjukehuset. Vi arbeider fortsatt med å bygge opp fagmiljøet vårt, blant anna med fastsatte fagdagar i turnusplan.  

Sengepost Medisin 1 SNR har for tida ledige stillingar for helsefagarbeidar:  2 x 100% fast stilling!

Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli aktuelle. Dersom du er interessert i andre stillingsprosentar kan du også søkje på stilling, oppgje kva prosent du ønskjer. 
Det er moglegheiter for å gå langvakter både på kvardagar og helg (kvar 4. helg), eller ordinære vakter (kvar 3. helg) dersom det passar best.  

Dersom du er helsefagarbeidar med interesse for kreft, palliasjon eller blodsjukdommer, verdset eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei givande pasientgruppe, då håpar vi å motta ein søknad frå akkurat deg!  

Arbeidsoppgåver

  • Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut
  • Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast 
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivå

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine 
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ragnhild Steinsland, Seksjonsleder, +47 71 11 69 89, ragnhild.steinsland@helse-mr.no
Kristina Aasen, Seksjonsleder, +47 71 11 69 98 , Kristina.Aasen@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5136532575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kristina Aasen

Seksjonsleder

+47 71 11 69 98

Kristina.Aasen@helse-mr.no

Ragnhild Steinsland

Seksjonsleder

+47 71 11 69 89

ragnhild.steinsland@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

263d6980-d158-4625-8bca-4a6aff8d6e30

Sist endret

2. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e9cc24cd910d44159a1a50e415a5f559

Lignende annonser

Laster lignende annonser