Tysklærar Osterøy ungdomsskule
Osterøy kommune
Fotlandsvegen 83, 5282 Lonevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Tysklærar Osterøy ungdomsskule
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. juli
Om stillinga
Me har ledig ei 34 % undervisningsstilling i tysk på ungdomstrinnet frå 01.08.26.
Me søkjer ein engasjert og fagleg dyktig lærar som kan inspirere elevane til læring og utvikling i tyskfaget. Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar som skapar gode relasjonar til elevane og bidreg til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i tysk på ungdomstrinnet
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa
- Samarbeid med lærarkollegaer og leiing
- Bidra til eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Eit dynamisk arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Ein spanande og variert arbeidskvardag
- Høve for fagleg utvikling
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjonar- Godkjend pedagogisk utdanning for undervisning på ungdomstrinnet
- Fagleg kompetanse i tysk
- Gode digitale dugleikar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Me søkjer deg som
- Er engasjert og utviklingsorientert
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er fleksibel og løysingsorientert
Bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli lagde vekt på.
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Osterøy ungdomsskule er ein nyoppussa og moderne ungdomsskule som ligg på Hatland.
Skulen har om lag 250 elevar og 40 tilsette.
Elevane på ungdomstrinnet kjem frå alle bygdene i kommunen vår.
Skulen satsar på digital undervisning og det er investert i digitalt utstyr som digitale tavler i alle rom, pc til alle elevane, samt 3D printer mm.
Det nyoppussa skulebygget har kultursal, Aulaen, med plass til 260 gjestar, og eit symjebasseng på 12,5 meter.
Skulen set kvart år opp ein musikal, som er ein del av valfag på 10. trinn. Ein har dei siste 32 åra hatt eit snitt på 1000 besøkande kvart år.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
259b597e-b682-488c-9c19-a28340ee68c0
- Sist endret
9. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10303299