Hopp til innhold

Undervisningstilling Haus skule

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Votlavegen 54, 5286 Haus

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningstilling Haus skule, vikarstilling 100%
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Om stillinga

  • Haus skule har ledig ei vikariat i undervisningsstilling for vår flotte 6.klasse. Stillinga er 100% og ledig frå 05.10.2026 og er ledig til 31.07.2027
  • Hjå oss møter du ei positiv elevgruppe og engasjerte kollegaer.
  • Vi legg vekt på variasjon i undervisningsmetoder og tilpassing til den enkelte sine behov.
  • Vi ønsker at våre elevar skal oppleva læringsglede, mestring og inkludering. 

Arbeidsoppgåver 

  • Kontaktlærar ansvar.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i tråd med LK20.
  • Bidreg til å skapa eit godt læringsmiljø og klassemiljø.
  • Tett samarbeid med føresette og kollegaer.
  • Deltek aktivt i skulen sine satsingsområde.

Vi tilbyr 

  • Kort reiseveg frå Bergen kommune: Kun 10 min frå Arna og gratis parkering rett ved skulen. Det er også god busskorrespondanse mellom Haus-Arna.
  • Ein liten og oversiktleg skule, med tid til kvar enkelt elev. 
  • Godt kollegasamarbeid. 
  • Vi har jobba systematisk med vårt skulemiljø og du møter positive og flotte elevar.

Kvalifikasjonskrav 

  • Godkjent utdanning ihht opplæringslova, fortrinnsvis GLU 1.-7., GLU 5.-10. eller allmennlærarutdanning.
  • Fagkombinsjon norsk og mat og helse er ein fordel, men andre fag kan også vere aktuelle.
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
  • Det er ein fordel at du har kjennskap til våre arbeidsverktøy og system som Office 365 og Visma.
  • Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest før den tek til i stilling jf. Opplæringslova §10-9.

Kven er du?

  • Vi ser etter deg som er positiv og engasjert og ønskjer å bidra aktivt i elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er til å stole på, byggjer relasjoner og er slik med å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
  • Vi ser etter deg som brenn for å skapa læringsglede og varierer dine metoder i undervisninga for at elevane skal oppleva å mestre.
  • Du tek aktivt del i vårt profesjonsfelleskap, samarbeider godt og er med å bidra for å skape ein god skule.

Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse! 

I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.

Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon. 

Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr. 

Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta! 

Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg! 


Kontaktperson for stillingen

Alvhild Nygard

Rektor

+4792614123

alvhild.nygard@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.

Haus skule ligg vakkert til i Haus bygda med ein flott utsikt over Sørfjorden.

Skulen er ein fulldelt barneskule for 1.-7.trinn. Skulen har eit stort, flott og variert uteområde.

På Haus skule er ein opptatt av at elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Skulen har eit aktivt elevråd som arbeider for at alle på skulen skal ha ein best mogleg skulekvardag.

Som Osterøyskulen generelt, har Haus skule lærelyst og meistring for framtida som sin visjon. Satsingsområda for skulen er elevmedverknad, eit trygt og godt læringsmiljø og lesing.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5fc75bab-a6d1-449d-b787-10f3deb28d6e

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302854

Lignende annonser

Laster lignende annonser