Helsefagarbeidarar / miljøarbeidarar ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidarar / miljøarbeidar ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Eining Meistring og psykisk er den største eininga i Giske kommune, og vi har ansvar for gode tilpassa tenester til ulike brukergrupper. Vi søkjer no nye fagleg engasjerte kollegaer til vår fantastiske arbeidsplass Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap, eit bufellesskap for menneske med ulike funksjonsnedsettingar. Bufellesskapet er lokalisert sentralt på Valderøya.
Vi har ledig tre faste stillingar på om lag 45 - 50 % som helsefagarbeidar / miljøarbeidar, og søker fleksible, rause og gode lagspelarar som vil bidra til at bebuarane får leve meiningsfylte liv.
Stillingane er ledige frå snarast og inngår i to-delt turnus med langvakter på helg.
I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Gi teneste til den enkelte bebuar, etter gjeldande lovverk, faglege retningslinjer og vedtak.
- Målretta miljøarbeid.
- Delta i ansvarsgrupper.
- Primærkontaktarbeid kan bli pålagt.
- Medisinhåndtering etter delegasjon.
- Dokumantasjon og planarbeid i Visma profil.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar, men barne- og ungdomsarbeidararar og andre med anna relevant fagutdanning er også velkomne som søkjarar.
- Det er ønske med erfaring frå arbeid i bufellesskap / avlastning for menneske med nedsett funksjonsnivå.
- Gjerne med kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd og kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Førerkort for bil med manuell gir.
Personlege eigenskapar
- God lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både bebuarar, pårørande og kollegaer.
- Gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Er raus, omgjengeleg og har godt humør.
Vi tilbyr
- Varierande og givande arbeidsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5033037473
Stillingsprosent: 45, 50%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nordheim Nesseth
einingsleiar
+47 47316717
Anne Marthe Busengdal
avdelingsleiar
41702363
Martin Solbjørg
avdelingsleiar
40106605
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
251e84c2-aa80-48cd-8153-1c28e4f8a338
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
535a742e9422450a8d8a29e23998d21f
Lignende annonser
Miljøterapeut nattstilling ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Miljøarbeidar i barneavlastning
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Miljøarbeidar helgestilling i barneavlastning
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya