Miljøarbeidar fast helgestilling i barneavlastning
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar helgestilling i barneavlastning
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Eining Meistring og psykisk er den største eininga i Giske kommune, og vi har ansvar for gode tilpassa tenester til ulike brukergrupper. Vi søkjer no ein ny fagleg engasjert kollega til barneavlastninga for barn med ulike funksjonsnedsettingar. Vi flytter straks inn i nyrenoverte lokaler sentralt på Valderøya med utsikt til fjord og fjell og på grunn av aukande vedtaksmengde har vi ledig ei ny fast helgestilling som miljøarbeidar frå snarast. Stillinga er på om lag 20 % og inngår i to-delt turnus med langvakter kvar 4. helg.
I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk hjelp, omsorg og pleie til barn med funksjonsnedsettingar.
- Målretta miljøarbeid med bruk av individuell plan.
- Planarbeid og dokumentasjon i Visma profil.
- Delta i ansvarsgrupper.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, men barne- og ungdomsarbeidarar og sjukepleie-/vernepleiestudentar er også velkomne som søkjarar.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i bufellesskap / avlastning for barn med nedsett funksjonsnivå.
- Gjerne med kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd og kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
- Gjerne med kjennskap til ASK.
- Det er ønskjeleg med teiknspråkkompetanse eller at du er motivert for å tilegne deg slik kompetanse.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Førarkort for bil med manuell gir.
Personlege eigenskapar
- Glad i å arbeide med barn.
- Likar aktivitet og ser verdien av leik og kreativitet i samspel med barna.
- Trygg og sjølvstendig omsorgsperson.
- God lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både barna, pårørande og kollegaer.
- Gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Er raus, omgjengeleg og har godt humør.
Vi tilbyr
- Varierande og givande arbeidsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5033510413
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Therese Nordheim Nesseth
einingsleiar
+47 47316717
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cea4a113-a61f-44d2-9cfd-4613bdbaefab
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be6281de668642b8a95ebd3e343f7d37
Lignende annonser
Miljøarbeidar i barneavlastning
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Miljøterapeut i barneavlastning
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Miljøterapeut ambulerande tjeneste
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya