Miljøterapeut, nattstilling ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut nattstilling ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Eining Meistring og psykisk er den største eininga i Giske kommune, og vi har ansvar for gode tilpassa tenester til ulike brukergrupper. Vi søkjer no ny fagleg engasjert kollega til vår fantastiske arbeidsplass Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap, eit bufellesskap for menneske med ulike funksjonsnedsettingar. Bufellesskapet er lokalisert sentralt på Valderøya.
Vi søker fleksible, rause og gode lagspelarar med 3- årig relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag til eit vikariat på natt i om lag 50 % stillinga. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld i eitt år.
I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Gi teneste til den enkelte bebuar, etter gjeldande lovverk, faglege retningslinjer og vedtak.
- Målretta miljøarbeid.
- Forefallande arbeid i avdelinga.
- Bidra til tryggleik for bebuarane om natta.
- Dokumantasjon og planarbeid i Visma profil.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå behov.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i helse- og sosialfag.
- Det er ønske med erfaring frå arbeid i bufellesskap / avlastning for menneske med nedsett funksjonsnivå.
- Gjerne med kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd og kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Førarkort for bil med manuell gir.
Personlege eigenskapar
- God lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både bebuarar, pårørande og kollegaer.
- Gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Er raus, omgjengeleg og har godt humør.
Vi tilbyr
- Varierande og givande arbeidsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5033292134
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 13.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nordheim Nesseth
einingsleiar
+47 47316717
Anne Marthe Busengdal
avdelingsleiar
41702363
Martin Solbjørg
avdelingsleiar
40106605
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
92da7c19-9fce-47bc-b3e1-df134ada4a8f
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cec73fb16a9a4298bb2a977b2be99c65
Lignende annonser
Miljøterapeut ambulerande tjeneste
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Miljøterapeut i barneavlastning
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Helsefagarbeidarar / miljøarbeidar ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya