Hopp til innhold

Assistent eller fagarbeidar - Vartdal barnehage

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Sted

Myrane 17, 6170 Vartdal

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Assistent eller fagarbeidar - Vartdal barnehage
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 30. august

Ørsta kommune har, frå dags dato, ledig 80 % vikariat som assistent eller barne- og ungdomsarbeidar i Vartdal barnehage. 

Ørsta kommune har 6 kommunale barnehagar som er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering. 
Vartdal barnehage er ein treavdelings barnehage og ligg fint plassert med kort avstand til fjord, fjell og skog. Den har også eit stort og innhaldsrikt uteområde og har kort avstand til Vartdal skule.

Barnehagane i Ørsta arbeider ut frå tanken om at borna skal vere i sentrum, og at born er verdifulle, kompetente og sosiale, og har ut frå desse stikkorda utarbeidd felles standard for barnehagane. Dei tilsette arbeider for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i barnehage med born, 0-6 år i tråd med sentral lov og forskrift og lokal rammeplan
  • Legge til rette for gode leike- og utviklingsmiljø for borna
  • Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer først og fremst barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
  • Søkjarar med erfaring frå liknande arbeid vil også kunne vere interessante for stillingane
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Barnehagelova § 30       

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • Har høg relasjonskompetanse
  • Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
  • Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
  • Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
  • Deltek aktivt i lag med borna, både inne og ute
  • Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
  • Er løysningsorientert, strukturert og fleksibel

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meningsfylt arbeidskvardag der borna si utvikling står i sentrum
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for borna i barnehagane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at ein blir tilsett i heile stillingar.

Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 1
Stillingskode 7517 - Barne- og ungdomsarbeidar, 6572 - Assistent
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Toril Rypdal, Styrar, 48 08 61 25, toril.rypdal@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Myrane 17
6170 Vartdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5163509228
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 30.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Toril Rypdal

Styrar

48 08 61 25

toril.rypdal@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

250783cf-8e1d-4f4a-bd9c-d24b46d0048f

Sist endret

10. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f193dc4858514f59bd51b0eb3923eedb

Lignende annonser

Laster lignende annonser