Hopp til innhold

Fagarbeidar, miljøarbeidar, miljørettleiar eller assistent - Hovden skule

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Sted

Skulevegen 6, 6160 Hovdebygda

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Assistent, fagarbeidar, mijøarbeidar eller miljørettleiar ved Hovden skule
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

Ørsta kommune har frå 01.01.2027 ledig ei 90 % fast stilling som assistent, barne- og ungdomsarbeidar, miljøarbeidar eller miljørettleiar ved Hovden skule og SFO. Tilsetting vil medføre arbeid i ferie-SFO.

Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.

Hovden skule er ein 1.-7. skule med omlag 120 elevar og 20 tilsette. Den ligg fint plassert i Hovdebygda, med nydleg natur rundt seg.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med elevgrupper og enkeltelevar i skule
  • Vere ein del av grunnbemanninga på SFO og ferie-SFO
  • Gjennomføre aktivitetar, planlagt av, og under rettleiing av pedagog
  • Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer først og fremst barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev eller miljørettleiar med relevant 3-årig høgare utdanning
  • Søkjarar med erfaring frå liknande arbeid vil også kunne vere interessante for stillingane
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • Har høg relasjonskompetanse
  • Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
  • Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
  • Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
  • Har eit positivt elevsyn og vektlegg inkludering av born med særskilte behov
  • Tek i mot rettleiing og er lojal mot våre rutinar
  • Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meningsfylt arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4
Stillingskode 7517 - Barne- og ungdomsarbeidar, 6685 - Miljørettleiar, 6684 - Miljøarbeidar, 6572 - Assistent
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Annelin Wangen, Rektor, 91 24 84 76, annelin.wangen@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 6
6160 Hovdebygda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5184432351
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 18.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Annelin Wangen

Rektor

91 24 84 76

annelin.wangen@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5114aec0-9e04-4431-b13f-e98584d9a608

Sist endret

25. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ff9ce7c783a4438abee7ab39520f0ada

Lignende annonser

Laster lignende annonser