Hopp til innhold

Vaken nattevakt 72% - fast stilling

Arbeidsgiver

Bjørgvin ungdomssenter, Bufetat

Sted

Bønesstølen 13, 5154 Bønes

Om jobben

Stillingstittel
Vaken nattevakt 72%
Type ansettelse
Fast, deltid 72%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Vil du hjelpe ungdom til å få eit rusfritt liv?


Det er ein krevande jobb, den passar ikkje for alle. Er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.

Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.

Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus. Ungdommane bur hos oss i henhold til barnevernsloven §§ 6-1 og 6-2.

Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum – både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvera foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.

Behandlinga byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk

Vi har nå ledig 1 fast 72 % stilling som vaken nattevakt.

Det kan i tillegg bli ledig fleire faste stillingar eller vikariat ved avdelingane. Vikariata kan ha ulik storleik og
varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden. 

Stillinga er med arbeid kvar 3. helg. 



Arbeidsoppgåver

  • Skape tryggleik og struktur i ungdommane sin kvardag 
  • Bygge gode relasjonar og gi tydeleg, utviklingsstøttande omsorg.
  • Gjere risikovurderingar og iversette tiltak etter behov.
  • Legge til rette for trygghet og ro på natt.
  • Dokumentere arbeid og hendingar på ein fagleg og presis måte.
  • Utføre nødvendige praktiske oppgåver for god drift av avdelinga.
  • Samarbeide med barnevernteneste , føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
  • Væra tru opp mot den faglege modellen i eininga.
  • Delta på/ansvar for overlapping og følgje opp kvelds- og morgonrutinar.
  • Samarbeid mellom einingas avdelingar ved behov.
  • Det er krav om at alle tilsette gjennomfører opplæring i tryggleik og sikkerheit, jamleg vedlikehaldstrening og oppmodast til å delta på fagmøter.

Kvalifikasjonar

  • Du har fullført høgskuleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepeiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.
  • Kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, kan og vurderast.
  • Førarkort klasse B.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God fysisk og psykisk helse

Ønskjeleg erfaring og kompetanse:

  • Kjennskap til Barnevernslova
  • Kjennskap til traumebevisst omsorg.
  • Institusjonserfaring frå barnevern eller psykiatri
  • Erfaring frå arbeid med ungdom med åtferdsutfordrinar og/ eller rusproblematikk

Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn - dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø og gitte føringar i Barnevernslova. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som vil gjere ein forskjell for ungdom i krevjande livssituasjonar.
Du er ein trygg og varm vaksen som klarar å møte ungdom med respekt, ro og nysgjerrigheit. Du er fleksibel, taklar hektiske dagar og står støtt i utfordrande situasjonar. Du jobbar godt både saman med andre og på eiga hand, og du klarer å omstille deg raskt når kvardagen krev det.

Vi ser etter deg som:
  • byggjer gode relasjonar og skaper tillit
  • er open for rettleiing og vidare fagleg utvikling
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt
  • er strukturert, løysingsorientert og metodisk
  • handterer konfliktar på ein profesjonell og roleg måte
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr


  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år. 
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. år.
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000. 
  •  Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod

Opplysingar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta
stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.

Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Kontaktinformasjon

Jeanette Grindeland, Einingsleiar, 466 17 627, jeanette.grindeland@bufetat.no

Arbeidssted

Bønesstølen 13
5154 Bønes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 5097343169
Stillingsprosent: 72%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Jeanette Grindeland

Einingsleiar

466 17 627

jeanette.grindeland@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24e724dc-757e-4187-97f1-c07951aa826b

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6e174456bab04e50a136ea1ae7a0cb00

Lignende annonser

Laster lignende annonser