Miljøterapeut
Bufetat
Bønesstølen 13, 5154 Bønes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, deltid 25%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig to faste 25 % stillingar som helgevakt. Stillinga har pr. no arbeid kvar 3. helg med arbeid på fredag, lørdag og søndag kveld. Det er moglegheit og ønskjeleg at du kan ta ekstravaktar og delta på fagmøter utanom faste vakter i turnus.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.
Vi tilbyr akutt-, omsorgs- og behandlingsplasser for ungdom i alderen 12–18 år, med tiltak heimla i barnevernloven §§ 4-1, 4-2, 3-2, 5-1, 6-1 og 6-2.
Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeider med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum – både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvere foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.
Behandlingen byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv atferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheiter som gjev dei i stand til å handtere situasjonar som tidlegare har ført til rusbruk.
Det kan bli ledig vikariat ved senteret. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i evt. vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Utøve målretta behandlingsarbeid i samsvar med behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling.
- Gjennomføre risikovurderingar og setje i verk tiltak etter behov.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttande måte.
- Det er krav om at alle tilsette gjennomfører opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon, samt delta i regelmessig trening.
- Delta i praktiske gjeremål.
- Samarbeid mellom avdelingar i eininga ved behov.
Krav til stillingane:
- Fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, med fortrinnsvis relevant vidareutdanning i 60 stp., kan og bli vurdert.
- Kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, kan bli vurdert til fast stilling helg og eventuelle vikariat i deltidsstillingar.
- Førarkort klasse B.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- God fysisk og psykisk helse.
Ønskjeleg erfaring og kompetanse:
- Kjennskap til barnevernsloven.
- Kjennskap til traumebevisst omsorg.
- Institusjonserfaring iht. målgruppe og frå barnevern eller psykiatri.
- Kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
Vi søkjer deg som:
- Motiverast av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
- Framstår som trygg i møte med ungdommane.
- Kan etablera gode relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er løysingsfokusert og metodelojal.
- Er punktleg.
- Har evne til å arbeida strukturert og metodisk.
- Kan vere trygg i krevjande situasjonar.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det
tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 690 000 pr. år. - Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 690 000 pr. år.
- Ved fast deltid og vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
- Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8d20a45e-5143-47c4-9229-57c62aab67f9
- Sist endret
24. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10292856