Hopp til innhold

Frydenbø Bil Stryn søkjer servicemedarbeidar

Arbeidsgiver

Frydenbø ASV AS

Sted

6783 Stryn

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Frydenbø Bil Stryn søkjer servicemedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du lidenskapeleg oppteken av kundeservice, og trivst med å jobbe sjølvstendig og strukturert? Då kan du vere den rette for oss! Vi søker ein engasjert og bilinteressert servicemedarbeidar til servicemarknadsavdelinga vår i Stryn.

Frydenbø Bil i Stryn er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, i tillegg til merkeverkstad for Audi og Škoda. Vi har med andre ord produkt i verdsklasse, men sjølv desse bilane treng service, vedlikehald og reparasjonar.

Du får eit framtidsretta arbeidsmiljø med topp moderne utstyr, gode fasilitetar og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene som høyrer stillinga til.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
  • Sal av verkstadtenester og delar til kundane våre via telefon, nett og ved personleg besøk i butikken vår

  • Delaktig i lagerstyring og logistikk av delar

  • Delaktig i styring og fordeling av arbeid til våre servicemekanikarar

  • Ivareta kundane våre på ein profesjonell og tillitsvekkande måte

  • Kundeoppfølging, i tillegg til oppfølging av CRM-program for service og vedlikehald

  • Rapportering og fakturering

Vi ser etter ein person som:
  • Er strukturert, engasjert og sjølvstendig

  • Kan kommunisere med folk, både ansikt-til-ansikt og via telefon

  • Synest det er gøy når det skjer mykje, og evnar å jobba med fleire oppgåver samstundes

  • Har stort kundefokus og likar å jobbe for at kundane skal få den gode kundeopplevinga

  • Har god kunnskap om bil

  • Er omgjengeleg og serviceinnstilt

  • Erfaring med digitale arbeidsverktøy

  • Evnar å stå på og har gode haldningar, og viser høg grad av fleksibilitet

Fordelar ved å jobbe hos oss:
  • Varierte og interessante oppgåver i eit uformelt og livleg arbeidsmiljø

  • Høve til personleg og profesjonell utvikling i eit fleirfagleg miljø

  • Delta i veksten og utviklinga av eit selskap som verdset innovasjon

  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur

  • Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring

  • Støtte til trening

  • Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt

  • Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth og Mallorca

I Frydenbø Bil Stryn får du ikkje berre ein solid arbeidsplass, men òg tilgang til eit område kjent for vakker natur og gode moglegheiter for friluftsliv gjennom heile året. Her ligg alt til rette for ein balansert kvardag med høg livskvalitet. Velkommen til Frydenbø Bil og Stryn!

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Reidar Hunvik på e-post: reidar.hunvik@moller.no eller tlf: 99 20 50 22.

Søknadsfrist: 25.12.2025

Om bedriften

Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.

Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".

Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.

I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24a75357-47a3-4958-86b3-fcef7237a323

Sist endret

26. desember 2025

Hentet fra

FINN

Referanse

437121469

Lignende annonser

Laster lignende annonser