Fagarbeidar tekniske/mekaniske fag
Ørsta vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holmegata 14, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar tekniske/mekaniske fag
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Ørsta vidaregåande skule er den største yrkesfaglege skulen på Søre Sunnmøre, med ca 350 elevar og 80 tilsette, og med ei stolt historie i meir enn 75 år. Vi er opptekne av å gje alle elevar, uansett bakgrunn, ei best mogleg opplæring, og med mål om at alle elevane våre skal finne sin plass i arbeidsliv og samfunn. For å få til dette treng vi støttepersonell rundt det pedagogiske arbeidet. Vi har no ledig ei fast stilling som fagarbeidar innan tekniske/mekaniske fag. Denne fagarbeidarstillinga vil i hovudsak vere knytt til dei tekniske faga våre, og bidra inn mot individuelt tilpassa opplæring og støtte for elevar på desse fagområda. Kan du tenke deg å arbeide med ungdom og fagopplæring, og bidra til at ungdom får eit godt tilrettelagt tilbod for å kome seg vidare i livet, har du no ein sjanse til å få ein meiningsfull jobb, med ulike og varierte oppgåver. Det viktigaste er at du likar å arbeide med ungdom, og at du er interessert i å arbeide godt med elevar med ulik bakgrunn og funksjonsnivå, men du må også kunne samarbeide tett med andre tilsette ved skulen, og med eksterne samarbeidspartnarar. Innan eit par-tre år håpar vi også på at du får ta del i å flytte inn i, og ta i bruk eit nytt flott skule, som del av Ørsta kultur- og kompetansesenter.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil i hovudsak bestå i å følgje opp elevar i opplæringssituasjonar, i nært samarbeid med faglærarar og dei andre i laget rundt elevane våre. Opplæringa vert gitt i teoritimar og på verkstad, og ute i bedrift. Skulen har elevar med svært ulikt funksjonsnivå og behov for støtte, og denne stillinga vil inngå i teamet som bidreg inn mot dei elevane som treng noko ekstra i tillegg til den ordinære opplæringa. Dette kan til dømes vere trening i å meistre kvardagslege aktivitetar, og trene spesielt på del-ferdigheiter innan programområdet.
Det kan også tilkomme andre arbeidsoppgaver når behov oppstår, det er derfor viktig at søkaren er fleksibel. Skulen er til dømes ute etter personar som kan vere interesserte i å bidra til miljøfremjande tiltak på tvers av avdelingar. Det kan også verte tillagt ansvar for oppfølging og vedlikehald av undervisningsmateriell og anna utstyr skulen eig. I utgangspunktet følgjer ei slik stilling skulen sitt arbeidsår, og med normal arbeidstid på 37,5 timar i veka. Dette utgjer 90% stilling på årsbasis. Men dersom andre oppgåver vert tillagt kan dette samla utgjere ei 100% stilling.
Kvalifikasjonar
- Fagarbeidar innan tekniske eller mekaniske fag.
- Nyare og oppdatert kompetanse og erfaring innan relevante fagområde blir vektlagt.
- Fagarbeidar med annan relevant kompetanse kan også søke på stillinga.
Personlege eigenskapar
På grunn av arbeisoppgåvene som er skildra for stillinga, vil personleg eignaheit vere svært viktig i denne stillinga. Eigenskapar som er relevante i ei slik stilling er:
- du er omsorgsfull
- du tek initiativ
- du er fleksibel
- du jobbar sjølvstendig
- du er strukturert
- du er løysingsorientert
- du er god på samarbeid og kommunikasjon.
Du bør også være i stand til å takle uforutsette situasjoner og halde deg fagleg oppdatert for å løyse dei aktuelle arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr
- Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og bidreg inn mot fellesskapet.
- Stilling med variasjon mellom arbeidsoppgåver på skulen og ute i bedrifter.
- Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisasjon med eit breitt kompetansefelt.
- Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseheving for enkeltdeltakarar og arbeidsliv.
- Kurs og opplæring etter behov.
- Offentleg tenestepensjon, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring gjennom KLP.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491Per Tore Måen, Avdelingsleiar TIF, 95418071
Arbeidsstad
Holmegata 146153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5061464991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Per Tore Måen
Avdelingsleiar TIF
95418071
Bjørnar Sæterås
Rektor
+47 47344491
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.
Vi er rundt 350 elevar, 50 vaksne deltakarar knytt til ressursenter for vaksne deltakarar og eit 80-tals tilsette fordelt på fem utdanningsprogram:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Teknikk- og industriell produksjon
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2402214e-81b0-435f-996c-fcca9f94bedb
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
835330eb2a5540ceb502eafd4a707cb7