Hopp til innhold

Lærar

Arbeidsgiver

Voss herad Voss kulturskule

Sted

Voss kulturhus, 5701 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Lærar innan rockeband 50% stilling, fast
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 2. juli

Voss kulturskule har ledig 50% stilling, fast, som lærar innan rockeband frå 01.08.2026. Noko av stillinga er knytt til produsentoppgåver i kulturskulen.

Om arbeidsstaden
Voss kulturskule har om lag 9,5 årsverk fordelt over 20 tilsette. Skuleåret 24/25 har skulen om lag 560 registrerte elevplassar innan musikk,dans,drama og biletkunst. Skulen har base og det aller meste av undervisninga si i Voss kulturhus, og har mange store og mindre produksjonar i løpet av skuleåret. Me nyttar programmet Speedadmin i administrasjon av skulen, og det er ein fordel om søkjarar har erfaring med dette programmet.

Arbeidsoppgåver
  • Gruppeundervisning i rockeband
  • Planlegge og gjennomføre konsertar
  • Delta på møter, felles utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid med andre tilsette i kulturskulen konsertar, forestillingar og prosjekter i løpet av skuleåret.
  • Fungere som produsent for kulturskulen sine produksjonar

 

Kvalifikasjoner
  • Høgare kunstfagleg utdanning med pedagogikk er ønskeleg.
  • Erfaring frå kulturskuleundervisning, eller tilsvarande undervisning
  • Gode samarbeidsevner og personlighet vert vektlagt
  • God IT forståelse
 Me tilbyr
  • Fine undervisningslokaler i Voss Kulturhus
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  •  
Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å
søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både
når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
 
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved
elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert
ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Oddvar Nøstdal

+47 91874240

oddvar.nostdal@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

23c369c1-e6fc-4889-81b4-7ec0498f54b4

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639143_212939_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser