Hopp til innhold

Vil du jobbe på Ulstein i sommar?

Arbeidsgiver

Ulstein Verft AS

Sted

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Er du klar for ein aktiv sommarjobb der du er mykje ute, får brukt kroppen og ser resultat av arbeidet ditt med ein gong? Då treng vi akkurat deg!

Vi leitar etter positive og arbeidsvillige sommarvikarar som vil bidra til å halde området vårt ryddig, fint og funksjonelt gjennom sommaren.


Arbeidsoppgåver du får vere med på:

🧹 Generell rydding på og rundt anlegget
🎨 Mindre maleoppgåver
✂️ Beskjæring av busker og trær
🅿️ Merking og maling av parkeringsplassar
📦 Rydding av ulike lager
💪 Diverse forfallande arbeid

Denne jobben passar for deg som: 

  • Likar praktisk arbeid og trivst med å vere i aktivitet
  • Er løysingsorientert og tek initiativ
  • Ikkje er redd for å bli litt skitten på hendene
  • Har godt humør og speler på lag

Vi tilbyr

  • Ein variert og aktiv jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
  • God opplæring – du treng ingen spesialkompetanse frå før
  • Erfaring du kan bruke vidare i di karriere

 

Høyres dette ut som sommarjobben for deg? Send oss ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv og kvifor vi skal velge nettopp deg!

Kontaktinformasjon

Anne Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5101891752
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Roppen

HR Advisor

48924332

anne.roppen@ulstein.com

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

22a530aa-1e10-4860-b4ef-aa995215f731

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b4c2607dbe7645d985fdf2beaa7a527d

Lignende annonser

Laster lignende annonser