Faste helgestillingar ved Spesialisert psykosebehandling, S5
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Faste helgestillingar med turnus henholdsvis dag/aften
- Type ansettelse
- Fast, deltid 15%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykosebehandling, er lokalisert på Sandviken sjukehus, og er ein lukka akuttpost med 12 senger, der 2 av sengene er intensivsenger. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Vi har no ledig følgande stillingar:
3 x 15% faste helgestillingar med turnus dag/kveld med arbeid pt. kvar 3. helg
God anledning til å få sommarvikariat, dersom ein ønsker det
Studentar innan helsefagleg retning, som medisin, psykologi, sjukepleie eller vernepleie oppfordrast å søke. Søkar må vere fylt 21 år. Kandidatar kal bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
- Delta i gjennomføringa av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverk
- Arbeide under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar og utføre oppgåver som er delegert av ansvarshavande sjukepleiar
- Utføre og hjelpe til med kliniske oppgåver knytta til pasient
- Delta i miljøarbeid og praktiske oppgåver
- Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak under rettleiing
Kvalifikasjonar
- Vi ønsker at du har helsefagleg utdanning/studieretning
- Vi ønsker gjerne søkarar med eit par års erfaring frå psykisk helsearbeid, men dette er ikkje eit krav
- Søkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
- Vi ønsker fleksible medarbeidarar som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du må vere ansvarsbevisst, til å stole på og ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta rettleiing
- Har du anledning til å ta ekstravakter i periodar, så er det noko vi ofte har behov for
Vi tilbyr
- Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trives på jobb
- Kurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk)
- Fadderordning
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Liv Mala, Seksjonsleiar, 55958706Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5075319904
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2026
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
22919067-5ca1-4d30-b214-d7494c345b92
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
395cea78d7b54464a39ee07414065bd0
Lignende annonser
Fast stilling (17%) på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3
Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Utgreiingsmottak I, Helse Bergen HF, Mottaksklinikken
Sted
Bergen
Vernepleier/sykepleier med videreutdanning
Arbeidsgiver
LS Lokal sikkerhet, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
Sted
Bergen
Sykepleier/vernepleier
Arbeidsgiver
LS Lokal sikkerhet, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
Sted
Bergen