Hopp til innhold

Vernepleier/sykepleier med videreutdanning100% fast stilling 4. kvar helg med langvaktar på helg

Arbeidsgiver

LS Lokal sikkerhet, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleier/sykepleier med videreutdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.

Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarsvakt
  • Medisinansvar
  • Koordineringsarbeid
  • Vurdere og utarbeide håndteringsplaner
  • Miljøterapi i tverrfaglig team
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
  • Observasjon av pasientar
  • Dokumentasjon i pasientjournal
  • Arbeide tverrfagleg for å sikre heilskapleg behandling, og at det blir utarbeidd mål, gjennomført tiltak og evaluering i samsvar med behandlingsplan
  • Vurdere, iverksette, begrunne og dokumentere bruk av tvangsmidlar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, med vidareutdanning innan: rus og psykiatri, SEPREP eller psykisk helsearbeid
  • Det er ønskeleg med erfaring frå psykiatri, psykisk helsevern og/eller rusomsorg
  • Interesse for og kunnskap om risikovurdering og alvorleg personlegdomsforstyrring vi bli lagt vekt på
  • Personleg egnethet for stillinga
  • Søkar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
  • Vernepleie med vidareutdanning (Rus/psykiatri/SEPREP)
  • Sjukepleie med vidareutdanning (Rus/psykiatri/SEPREP)

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad/vidareutdanning i rus og psykiatri/SEPREP
  • Personlege eigenskapar

    • Du behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er imøtekommande
    • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens) 
    • Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar
    • Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
    • Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv
    • Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø
    • Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
    • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
    • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
    • Du etterspør rettleiing 

    Vi tilbyr

    • 15 000 kroner pr år i særtillegg
    • Du vil få grundig opplæring
    • Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar, samt deltaking i interne og eksterne kurs
    • Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling
    • Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke
    • Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Treningsrom for tilsette

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Joachim Honningsvåg, Seksjonsleiar, 55958348
    Charlotte Sunde, Ass seksjonsleiar, 55958354

    Arbeidsstad

    Sandviksleitet 1
    5036 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5072266452
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 28.02.2026

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    ce3385bc-ba9e-44e3-994c-d2e1463e7513

    Sist endret

    1. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    1d6bee7b4e71485aaca4873f5f398611

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser