Hopp til innhold

Heimetenesta

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Vil du bidra til å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?
Type ansettelse
Fast, deltid 46%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Juniorklubben på Ågotnes (Ågotnesklubben) er ein møteplass for elevar på 5.-7.trinn. Klubben har ope onsdagar kl. 17.30-20.00 på Frihuset på Ågotnes.
På klubben kan ein kome for å spele spel, game, delta i ulike aktivitetar og konkurransar eller berre henge. Det er alltid gratis mat på klubben.

Spelklubben på Straume er ein open møteplass for ungdom på 8.-10.trinn. Klubben held til på biblioteket på Straume kvar tysdag frå kl. 13.00-16.00. På programmet står ulike spel, både brettspel og gaming, konkurransar og turneringar.


Fritidsklubbane skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbod. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet i klubbane.

Vi har ledig følgjande stillingar:

  • 15% fast stilling som klubbmedarbeidar i spelklubben på Straume fom. 10.08.2026.
  • 14% vikariat på Ågotnesklubben frå 10.08.2026 – 17.06.2027.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere aktivt tilstades som ein trygg vaksen
  • Ta initiativ til aktivitetar saman med barna
  • Planlegge og førebu aktivitetar
  • Gjere innkjøp av matvarer, utstyr og materiale i forkant av klubbkvelden
  • Delta på personalmøte og bidra med innspel til saker
  • Marknadsføring i sosiale medium og andre kanalar
  • Det kan vere aktuelt å bidra inn i andre tiltak som ferieaktivitetar for barn når klubbane held feriestengd

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Gyldig politiattest
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Ønskjeleg med:
  • Utdanning innan barne og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
  • God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
  • Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
  • Du trivs med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
  • Du kommuniserar lett og presist på norsk
  • Du jobbar godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap  
  • Du har god gjennomføringsevne og er ikkje redd for å ta i eit tak
  • Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta

Vi tilbyr

  • Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
  • Utfordrande, varierte og spannande arbeidsoppgåver
  • Deltidsstilling som kan kombinerast med studium eller andre jobbar

Arbeidstid

Fritidsklubbane følgjer skuleåret og har i hovudsak stengd i skuleferiane. Dei tilsette har 5 vekers ferie, og kan få andre oppgåver knytt til aktivitetstilbod for barn og unge i periodane klubben har stengd.

Kontaktperson:

Hilde Kristin Egeland, telefon 975 85 142

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hilde Kristin Egeland

+47 975 85 142

hilde.egeland@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

22908927-d3f1-4b5c-9e78-a1f40010c5ec

Sist endret

11. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3637123_210189_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser