Lærar i Norsk, Engelsk, Psykologi, og Religion og etikk
OPK-AO - Avd. Engelsk og samfunnsfag, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Lærar i Norsk, Engelsk, Psykologi, og Religion og etikk
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. mai
Askøy vidaregående skole har desse utdanningsprogramma:
Bygg- og anleggsteknikk
Elektrofag
Helse- og oppvekstfag
Studiespesialisering
Teknikk og industriell produksjon
I tillegg har skulen ei avdeling for tilrettelagd opplæring og ein klasse påbygg til generell studiekompetanse.
Vi legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Skulen fekk i 2023 nye verkstader i det nye bygget vårt, noko som gir oss eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet, og arbeider aktivt med å utvikle dette for å kunne gje elevane våre relevant og god opplæring.
I samband m.a., med at skulen har lærarar ute i permisjon vil me for skuleåret 2026/27 ha ledige vikarstillingar i Norsk, Engelsk, Psykologi, og Religion og etikk. Til saman utgjer behvovet omtrent to fulle stillingar (200%). Ein av stillingane er eit vikariat fram til 14.12.2026, den andre stillinga vil vere for heile skuleåret, fram til 31.07.2027.
Arbeidsoppgåver
Undervisning og anna elevretta arbeid. Det kan óg vere aktuelt å vere kontaktleiar for ei klasseKvalifikasjonar
Krav om relevant utdanning frå universitet/høgskule, samt pedagogisk utdanning.Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring. Gjerne på yrkesfag
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
- Du har god pedagogisk forståing.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert opplæring.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Axel Ivar Hansen, Avdelingsleiar, +47 95821168Berit Karin Øydvin Nilssen, ass. rektor , 41315749
Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5107186011
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Berit Karin Øydvin Nilssen
ass. rektor
41315749
Axel Ivar Hansen
Avdelingsleiar
+47 95821168
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
226e7ba4-2635-469d-9efd-f249aa401c5a
- Sist endret
23. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b9b5f1db078442979e94afee4e2befd0