Vitskapeleg assistent 20 % stilling - Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA)
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vitenskapeleg assistent 20 % stilling - Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA)
Type ansettelse
Åremål, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitskapeleg assistent
Det er ledig 20 % stilling som vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning. Stillinga lysast ut for ein periode på 6 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekt blir beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten undersøkt. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og komparativ forsking på ulike barnevernssystem.
Vi søkjer ein person som har høge ambisjonar for forskinga og som ynskjer seg ei karriere innan forsking. Sjå nettsida til Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA) og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga ved senteret.
Det er særskilt prosjekta PARTICIPATION og PROTECT denne stillinga vil høyre til og det er derfor også krav om særs gode kunnskaper i skriftleg og muntleg norsk.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Arbeidsoppgåver:
Vil inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med:
- Koding av datamateriale.
- Praktiske oppgåver i tilknytning til prosjekt.
- Innhente tal- og statistisk materiale.
- Andre administrative oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Student på masterstudier ved Institutt for politikk og forvaltning.
- Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentere gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativ og kvantitativ metode.
- Erfaring med bruk av analyseprogrammet Nvivo, er naudsynt.
- God administrativ IT - kompetanse.
- Det blir lagt vekt på eksamensresultat.
- Særs gode kunnskaper i skriftleg og muntleg norsk.
- Sterk motivasjon for forskingsområda til DIPA-senteret tel positivt.
- Erfaring med å arbeide på «sikkert it skrivebord» tel positivt.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Løn som vitskapleg assistent, st.kode 1019, kr 450 400, -.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål/ karakterutskrift og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.
Søknadsfrist: 3. november 2025. Søknaden skal merkast 2025/12850.
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar Marit Skivenes. E-post: : Marit.Skivenes@uib.no. Telefon: +47 959 24 979.
Mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2233c47b-8acf-4fa7-b165-8d237e5c41ac
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267100
Lignende annonser
Vitskapleg assistent knytt til DARKLAX-prosjektet ved Institutt for framandspråk
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen