Vitskapleg assistent knytt til DARKLAX-prosjektet
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vitskapleg assistent knytt til DARKLAX-prosjektet ved Institutt for framandspråk
Type ansettelse
Åremål, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitskapleg assistent (20 prosent) på DARKLAX-prosjektet
Velkomen som søkjar til eit åremål som vitskapleg assistent (20 %) knytt til forskingsprosjektet DARKLAX ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Vi søkjer ein fleksibel, motivert og strukturert person.
Stillinga er for ein åremålsperiode på to år, med planlagd oppstart 1. januar 2026.
Stillinga er knytt til det pågåande forskingsprosjektet DARKLAX, "The Dark Side of Sustainability: Norway and the Rise and Fall of Salmon Farming in Chile. A Transnational History of the Future (1970-2030)". Prosjektet er leia av førsteamanuensis Ernesto Semán. Finansieringa kjem frå FRIPRO-programmet ved Noregs forskingsråd. DARKLAX fokuserer på omdanninga av lakseoppdrettsnæringa i Chile sidan 1970-talet, og ser på endringar i miljø, sosiale relasjonar, kjønn og teknologi. Eit transnasjonalt perspektiv er ein sentral del av rammeverket for DARKLAX, som plasserer det chilenske sør som sentrum for globale krefter.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i formidling og kommunikasjonsarbeid i prosjektet, inkludert oppdatering av DARKLAX sine nettsider, kontakt med mediekanalar i Noreg og Latin-Amerika, publisering av prosjektarbeid og oppdatering av sosiale medium og formidlingsplattformer.
- Samarbeide med prosjektleiar og stipendiat om forskingsarbeid, inkludert:
- Assistanse med intervju under eller etter feltarbeid (transkribering, redigering).
- Grunnleggjande arkivarbeid i Bergen eller Oslo i offentlege og private arkiv.
- Vere med på planlegging og gjennomføring av arrangement i regi av DARKLAX (konferansar, seminar, skriveretreat).
- Andre prosjektrelaterte oppgåver etter avtale.
Arbeidsstad er normalt ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som gjeld for stillinga til kvar tid.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Mastergrad innan ein disiplin som relevant for prosjektet
- God meistring av språka norsk, engelsk og spansk. Kommenter kompetansen din i desse språka i søknadsteksten. Dette kan òg bli testa under et eventuelt intervju
- Kjennskap til latinamerikanske studiar.
- Erfaring med kommunikasjon, nettredigering og sosiale medium.
- Erfaring med koordinering av arrangement.
- Gode IT-kunnskapar.
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
- Fleksibel, motivert og strukturert.
Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna.
Søkjarar som tidlegare har vore tilsette som ph.d.-stipendiat eller har kvalifikasjonar tilsvarande doktorgrad, kan ikkje bli tilsette i stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit fagleg stimulerande og godt arbeidsmiljø.
- Brutto årsløn tilsvarande 525 000 kroner i fulltidsstilling (kode 1020). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Slik søkjer du
Søknad skal sendast elektronisk via lenka "SØK PÅ STILLINGA" innan søknadsfristen. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev.
- CV.
- Vitnemål og utskrifter frå universitet og høgskular (skanna originalar eller stadfeste kopiar)
- Relevante attestar og stadfestingar.
- Namn og kontaktinformasjon til to referansar.
Dokumenta skal lastast opp Jobbnorge i Word- eller PDF-format og vere på norsk, engelsk eller eit anna skandinavisk språk, eller ha stadfesta omsetjing til eitt av desse språka.
Generell informasjon:
For meir informasjon om stillinga, kontakt prosjektleiar professor Ernesto Seman på e-post: ernesto.seman@uib.no. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fc1a2099-7d07-4402-9af7-a38db03eef6e
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266826
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Universitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen