Universitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Universitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium
Type ansettelse
Åremål, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium ved Institutt for framandspråk
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv) som universitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium ved Institutt for framandspråk. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Ønskt startsdato for stillinga er 1. januar 2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling i minst femti prosent stilling utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Institutt for framandspråk
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette og mellombels tilsette i kortvarige engasjement.
Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium.
Spansk språk og latinamerikastudium har for tida fem faste heile stillingar med ansvar for undervisning og forsking innanfor ulike faglege disiplinar: ei stilling i spansk språk, ei i latinamerikansk litteratur, to i latinamerikansk historie og ei i fagdidaktikk. I tillegg har faget fem faste deltidsstillingar knytte til undervisning. Faget gjev undervisning på bachelor- og masternivå og har eit omfattande nettbasert undervisningstilbod i tillegg til den ordinære undervisninga på campus. Ein del av den nettbaserte vidareutdanninga er kurs retta inn mot lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
Arbeidsoppgåver
Undervisninga vil vere knytt både til dei nettbaserte emna i spansk språk på 100-nivå, som skjer på ettermiddags-/kveldstid, og til emne på campus på dagtid. Dette kan variere frå semester til semester. Det kan også vera aktuelt å undervisa i latinamerikansk kultur på byrjarnivå. Arbeidsoppgåvene vil inkludere:
- Førebuing og gjennomføring av undervisning.
- Retting av obligatoriske oppgåver.
- Eksamensarbeid.
- Administrativ oppfølging og koordinering.
Undervisningsspråket på faget er i all hovudsak spansk, og administrasjonsspråket ved instituttet er norsk.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkjaren må ha:
- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i spansk språk.
- Svært høgt språkleg nivå, munnleg og skriftleg, i spansk.
- Høgt språkleg nivå, munnleg og skriftleg, i norsk eller eit anna skandinavisk språk.
- Relevant yrkes- eller undervisningserfaring.
Det er ein føremon med:
- Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande.
- Erfaring frå undervisning, særleg på universitets- og høgskulenivå.
- Erfaring med nettbasert undervisning.
- Doktorgrad i eit relevant fag.
Det blir lagt særleg vekt på evna til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Personlege eigenskapar blir vektlagde i vurderinga.
Arbeidsstad er ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Det er likevel mogleg å hovudsakleg utføre arbeidet frå et annet sted etter avtale dersom den tilsette ønskjer det. Arbeidsgjevar vil spesifisere når den tilsette må vere til stades på fysiske møte og samlingar på arbeidsstaden.
Den tilsette må følgje gjeldande retningslinjer på arbeidsplassen.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Løn som universitetslektor (kode 1009), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 625 500 – 665 500 i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
- Språkferdigheiter.
- Minst tre referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vil vere særleg relevante.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).
- Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
- Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding på eiga undervisning.
- Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller e-post martin.paulsen@uib.no,eller til fagkoordinator Synnøve O. Rosales på telefon 55 58 21 27 eller e-post synnove.rosales@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmodaom ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endåbetre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden,kan du bli positivt særbehandlasidan vi alltid kallar inn minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ffafd5b8-8525-457c-a70e-936cc494af9b
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265980