Forskar (mellombels) med doktorgrad
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Forskar (mellombels) med doktorgrad
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Forskar
Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som forskar (100 %) med doktorgrad med vekt på å kvalitetssikre og analysere surveydata innan fagfeltet helsefremjande arbeid og helsepsykologi.
Stillinga er for ein periode på to år og er knytt til prosjektet «Trust and identity among European adolescents and emerging adults» (ENGAGED Youth) finansiert av Horisont Europa. HEMIL er koordinator for prosjektet gjennom forskingsgruppa “Social Influence Processes on Adolescent Health” (SIPA)
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
ENGAGED Youth skal undersøkje kva rolle sosial, kulturell og politisk identitet spelar for ungdom og unge vaksne sitt engasjement og deltaking i lokalsamfunnet og demokratiske prosessar. Gjennom prosjektet skal det validerast og samlast inn kvalitative og kvantitative data frå fem partnarland (England, Noreg, Portugal, Romania og Spania). I tillegg eksisterer det data frå perioden 2002-2022 i over 30 land i studien «Health Behaviour in School-aged Children» (HBSC) som skal analyserast for å undersøkje trendar i ungdoms deltaking i lokalmiljø og demokrati, og å forstå korleis endringar i sosiale ressursar i heim, skule og fritid heng saman med desse trendane.
Arbeidsoppgåver:
- Analysere internasjonalen trenddata for 11-, 13- og 15-åringar i perioden 2002-2026 og longitudinelle data for elevar i vidaregåande skule og frå 13-40 år gjennom statistiske teknikkar for fleirnivådata og strukturelle likningsmodellar.
- Kvalitetssikre surveydata gjennom å reinske, strukturere og standardisere dataene og tilhøyrande metadata.
- Koordinere norske og internasjonale datainnsamlingar, mellom anna knytt til valideringsstudiar, frå førebuing av spørjeskjema til analyse og rapportering av resultat
- Bidra i publisering i nasjonale rapportar og vitskaplege tidsskrift
- Bidra til gode presentasjonar av funn frå studiane
- Bidra til å vidareutvikle vitskapleg samarbeid nasjonalt og internasjonalt, med særleg fokus på metodeutveksling og samordning av måleinstrument med relevante forskingsmiljø i Europa og Nord-Amerika
- Bidra til instituttet og forskingsgruppa SIPA sine øvrige oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det er eit krav med:
- Doktorgrad innan psykologi, folkehelse, helsefremjande arbeid, samfunnsvitskap eller anna område som er relevant for temaet for stillinga
- Publisering i internasjonale vitskaplege tidsskrift dei siste fem åra
- Sterk kvantitativ metodekompetanse
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel med:
- Erfaring med utvikling og validering av måleinstrument i surveyundersøkingar
- Erfaring med analyser av fleirnivådata, strukturelle likningsmodellar og longitudinelle data
Personlege eigenskapar:
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Evne til å samarbeide med lokalt og internasjonale tverrfaglege miljø
- Evne til å formidle komplekse faglege problemstillingar og dataanalyser på ein klar og effektiv måte
- Personleg eigna
Vi kan tilby:
- Ein interessant jobb innan eit spennande og viktig fagfelt, med gode høve til fagleg utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg og sterkt tverrfagleg miljø
- Løn med ei brutto årsløn på kr 657 000,- (kode 1109) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga (maks. 2 sider).
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege arbeid som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga
(maksimalt ti 10, opplasta til Jobbnorge) og ei liste over desse
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Oddrun Samdal, prosjektleiar oddrun.samdal@uib.no; tlf. 97 07 09 04
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
21d78cad-0346-4c06-95b1-15e75457aba7
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265153