Hopp til innhold

Politiadvokat/politiadvokat 2

Arbeidsgiver

ØKOKRIM

Sted

C. J. Hambros plass 2C, 0165 Oslo

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Politiadvokat/politiadvokat 2
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Om stillinga

Vil du vera med på å styrkja Noregs innsats mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet?

Økonomisk og miljørelatert kriminalitet blir stadig meir kompleks og samfunnsskadeleg. Som den sentrale eininga til politiet på desse områda står Økokrim i frontlinja. No søkjer me fleire som vil bidra til å vidareutvikla arbeidet vårt og styrke Noregs evne til å møta desse utfordringane.

Me søkjer ein politiadvokat til å etterforske og føre saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.
Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege prosjekt med juristar og etterforskarar som har politi -, økonomi -, miljø - og datafagleg bakgrunn. Politiadvokatane i Økokrim tek del i etterforskinga og fører sakene for retten etter avgjersla om påtale. 

Som politiadvokat vil du inngå i Juridisk avdeling og bli ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø med kompetanse frå mange profesjonar. Me kombinerer solid fagkunnskap med moderne teknologi og tverrfaglege arbeidsmetodar – og me jobbar tett saman for å finna løysingar som faktisk gjer ein forskjell.

Bli med å bruka kompetansen din i eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag som bidreg til eit tryggare og meir robust Noreg.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi er på jakt etter deg som

  • er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
  • ønskjer å koma til botn i kompliserte sakshøve
  • kan handtera og analysera mykje informasjon
  • kan skilja det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
  • er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
    trivst med å arbeide tett med andre profesjonar
  • viser initiativ
  • ikkje let deg skremma av nye utfordringar og er uthaldande

Arbeidsoppgåver

  • planleggja, organisera og leia etterforskingsprosjekt
  • påtale straffesaker
  • aktorere saker for tingrett og lagmannsrett
  • drive opplæring internt og eksternt
  • samarbeide med styresmakter i inn - og utland
  • utføra andre relevante oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vera kvalifisert som politiadvokat 2:
  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap  
  • minimum 5 års påtaleerfaring eller 3 års påtaleerfaring og 2 år med annen særskilt relevant arbeidserfaring
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og
    engelsk
  • særs gode juridiske kunnskapar
Dette må du ha for å vera kvalifisert som politiadvokat:
  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap  
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og
    engelsk
  • særs gode juridiske kunnskapar

Det er også ønskeleg med:

  • normalt 5 års relevant yrkeserfaring
  • erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse 

Søknader utan vitnemål vil ikkje bli behandla. Vi ønskjer òg relevante arbeidsattestar.

Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG, ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Ved å søkje på stillinga samtykkjer du til at det blir gjort ei skikkavurdering av deg. Vurdering av skikka- og kvalifikasjonar vil bli vektlagde. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.


Personlege eigenskapar

  • høg integritet
  • evne til å arbeida effektivt, gjennomføra planar og oppnå
    resultat
  • initiativrik og selvgående
  • evne til å samhandla godt internt og ekstern
  • evne til å bidra til kompetansedeling

Personleg egnethet vil bli vektlagt.

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her.


Dette kan vi tilby om du velger oss

  • utviklande og spennande arbeidsoppgåver
  • interessant arbeid med samfunnsrelevante straffesaker
  • godt arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid
  • samarbeid med politi og andre etatar i inn- og utland
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida 
  • stillinga blir lønt som politiadvokat (stillingskode 1245) med årslønn: kr. 800.000 - 900.000 /politiadvokat 2 (stillingskode 1543) med årslønn: kr. 940.000 -  1.040.000. I tillegg blir det kompensert eit mellombels tillegg for unntak frå arbeidsmiljølova som for tida utgjer kr 44.708 pr. år. For særskilt kvalifiserte søkere kan høyere lønn vurderes.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her

Mangfold i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. 
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. 

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søker du

Du søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Om bedriften

Økokrim førebyggjer, etterrettar, etterforskar og fører saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet over heile landet. Økokrim er lokalisert i Oslo. I tillegg har vi bedragerieininga på Gjøvik og regionskontor i Tromsø, Trondheim, Bergen, Larvik og Lillestrøm. I september 2026 flyttar Økokrim inn i nye og moderne lokale i Grenseveien 78 på Helsfyr. Les meir om oss på http://www.okokrim.no/.

 

Økokrim følgjer staten sin personalpolitikk om å styrkje likestilling, inkludering og mangfald. Den seier at dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kryss derfor av om dette i rekrutteringsportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

21f9792e-a10b-4348-b674-f4c4955f7688

Sist endret

15. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289090

Lignende annonser

Laster lignende annonser