Bli med Økokrim i kampen mot økonomisk og miljøkriminalitet! Vi søkjer politiadvokat til eit meningsfullt oppdrag.
ØKOKRIM
C. J. Hambros plass 2C, 0164 Oslo
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. mai
Om stillinga
Vil du vere med på å styrke Noregs innsats mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet?Økonomisk og miljørelatert kriminalitet blir stadig meir kompleks og samfunnsskadeleg. Som politiets sentrale eining på desse områdane står Økokrim i frontlinja. Nå søker vi fleire som vil bidra til å vidareutvikle arbeidet vårt og styrke Norges evne til å møte desse utfordringane.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø med kompetanse frå mange profesjonar. Vi kombinerer solid fagkunnskap med moderne teknologi og tverrfaglege arbeidsmetodar - og vi jobbar tett saman for å finne løysningar som faktisk gjer ein forskjell.
Bli med å bruke kompetansen din i eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag som bidrar til eit tryggare og meir robust Noreg.
Økokrim skal støtta opp under arbeidet til politiet med inndraging gjennom nasjonal fagforvaltning og utvikling av ein målretta innsats for å sikra auka inndraging av utbytte frå straffbare handlingar. Inndraging av utbytte er derfor eit viktig verkemiddel i kampen mot all profittmotivert kriminalitet. For økonomisk kriminalitet der moglegheita for profitt er stor, kan inndraging vera vel så verknadsfullt som straff. Kriminalitet skal ikkje lønna seg. Økokrim skal derfor no mellom anna rekruttera fleire politiadvokatar for å styrkja det nasjonale arbeidet med inndraging av utbytte frå kriminalitet.
Som politiadvokat vil du inngå i juridisk avdeling og delta i tverrfaglege etterforskingsprosjekt med andre juristar og etterforskarar med politi-, økonomi-, miljø- og datafagleg bakgrunn. Du vil samarbeida tett med politidistrikta i den nasjonale satsinga på inndraging.
Stillinga vil kunne føre med seg noko reiseverksemd. Fleksibilitet med omsyn til arbeidsoppgåver og organisering er ein føresetnad.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter kandidatar som har interesse for, og evne til, å se Økokrims rolle i hele den tverrfaglege verdikjeda frå etterretning til iretteføring. Evne til å ta i bruk teknologi og nye datadrevne metoder gjør seg stadig sterkere gjeldende i kriminalitetsområdene Økokrim har ansvar for.
Som politiadvokat forventast at du bidrar til å setje Økokrim i stand til å gjere rette prioriteringar, oppdage sårbarheiter tidleg og jobbe meir effektivt med eit stadig meir komplekst kriminalitetsbilete.
På det utoverretta planet forventast det at du bidreg til å utvikle Økokrims rolle som leiande organ i offentleg-private samarbeid og i tverretatlige samarbeid. Slike samarbeid inneber blant annet tettare samhandling med finansnæringa, telekom, kontrolletatar og andre private og offentlege aktørar, og krev at Økokrims juridiske og påtalemessige kompetanse er synleg og tydleg inn i dei felles strukturane som er under utvikling.
Arbeidsoppgåver
- arbeid med sikring og inndraging av verdiar
- arbeid med innføring av og bruk av de nye hjemlene for selvstendig inndragning
- planleggja, organisera og leia etterforskingsprosjekt
- påtala straffesaker
- aktorera saker for tingrett og lagmannsrett
- driva opplæring internt og eksternt
- samarbeide med fagpersonar i politidistrikta
- samarbeide med styresmakter i inn- og utland
- utføra andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vera kvalifisert som politiadvokat 2:- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- minimum 5 års påtaleerfaring eller 3 års påtaleerfaring og 2 år med annen særskilt relevant arbeidserfaring
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- særs gode juridiske kunnskapar
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- særs gode juridiske kunnskapar
- 5 års relevant yrkeserfaring
- erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
- interesse for inndragning som verkemiddel i kampen mot kriminalitet
Søknader utan vitnemål vil ikkje bli behandla. Vi ønskjer òg relevante arbeidsattestar.
Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG, ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Ved å søkje på stillinga samtykkjer du til at det blir gjort ei skikkavurdering av deg. Vurdering av skikka- og kvalifikasjonar vil bli vektlagde. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.
Personlege egenskaper
Du er ein person som:
- har høg integritet
- evner å arbeida effektivt, gjennomføra planar og oppnå resultat
- er sjølvgåande
- tek initiativ og deler kunnskap
- er god på å samhandle internt og ekstern
Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt.
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).
Dette kan vi tilby om du velger oss
- deltaking i ei nasjonal og prioritert satsing initiert av regjeringa og Stortinget
- samarbeid med politi og andre etatar i inn- og utland
- godt arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid
- utviklande og spennande arbeidsoppgåver
- medlemskap i Statens pensjonskasse. Les meir her (https://www.spk.no).
- fleksibel arbeidstid
- trening i arbeidstida
- stillinga blir lønt som politiadvokat (stillingskode 1245) med årslønn: kr. 800.000 - 900.000 /politiadvokat 2 (stillingskode 1543) med årslønn: kr. 940.000 - 1.040.000. I tillegg blir det kompensert eit mellombels tillegg for unntak frå arbeidsmiljølova som for tida utgjer kr 44.708 pr. år. For særskilt kvalifiserte søkere kan høyere lønn vurderes.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i statenher (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om bedriften
Økokrim førebyggjer, etterrettar, etterforskar og fører saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet over heile landet. Økokrim er lokalisert i Oslo. I tillegg har vi bedragerieininga på Gjøvik og regionskontor i Tromsø, Trondheim, Bergen, Larvik og Lillestrøm. I september 2026 flyttar Økokrim inn i nye og moderne lokale i Grenseveien 78 på Helsfyr. Les meir om oss på http://www.okokrim.no/.
Økokrim følgjer staten sin personalpolitikk om å styrkje likestilling, inkludering og mangfald. Den seier at dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kryss derfor av om dette i rekrutteringsportalen. Sjå https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e5e437d3-4b93-4ac5-aebb-1f58f7ec7c56
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
460798664