Hopp til innhold

Teamleiar/ fagkoordinator dagavdeling for personar med demens

Arbeidsgiver

Helse, Omsorg og velferd

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Teamleiar/fagkoordinator dagavdeling for demente
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

I Ørsta kommune satsar vi på gode og utviklande tenester for personar med demens. Teamleiaren ved dagavdelinga for personar med demens, Hagestova, går no inn i pensjonistane sine rekkjer, og vi søkjer derfor ein ny teamleiar/fagkoordinator til avdelinga. Samstundes er vi i ferd med å utvide dagtilbodet vårt, og vi ønskjer ein leiar som brenn for personsentrert omsorg, aktivitet og meistring – og som vil vere med på å vidareutvikle dagtilbodet vårt i ei spennande utviklingsfase.

Stillinga er per i dag på dagtid ved dagavdelinga Hagestova, lokalisert til Ørstaheimen og organisert under avdeling Solkroken. Dagavdelinga er eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens og/eller kognitiv svikt. Vi gir tilbod til inntil 10 brukarar på dagtid, fem dagar i veka, og arbeider no med å utvide kapasiteten slik at endå fleire kan få eit trygt og meiningsfullt dagtilbod hos oss.

Hovudfokus er aktivitetar der mykje er basert på trim, song/musikk, kortare - og lengre turar i nærområdet, samt frukost og middagssamlingar. Vi ynskjer deg som er fagleg dyktig, gjerne med vidareutdanning i demens og som har erfaring, engasjement og interesse for arbeid med personar med demens og og som vil vere med å vidareutvikle demensomsorga.

Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for fagleg drift og miljøarbeid i avdelinga, inkludert fagutvikling, rutinar og kvalitetssikring
  • Kartlegge, planlegge, tilrettelegge og gjennomføre daglege aktivitetar for brukarane
  • Utarbeide dagsplanar og aktivitetsopplegg i samarbeid med avdelingsleiar
  • Fremje kvardagsmestring gjennom målretta og tilpassa tiltak
  • Sikre god dokumentasjon i fagsystemet og ivareta aktivt samarbeid med pårørande gjennom informasjon, dialog og støtte
  • Delta i og bidra til godt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
  • Sikre god dagleg drift, inkludert innleige av vikarar ved behov i samråd med avdelingsleiar
  • Ha ansvar for ajourføring og registrering i turnusprogrammet RS
  • Ha ansvar for reinhald/kjøkkenrutinar i avdelinga
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent helsefagarbeidar. Andre med helse- eller sosialfagleg bakgrunn kan også verte vurderte til stillinga.
  • Gjerne relevant vidareutdanning eller erfaring frå arbeid med mennesker med demenssjukdom
  • Gode IKT kunnskaper
  • Det vert stillt krav om politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:
  • tek aktiv del i det sosiale arbeidet
  • er tolmodig
  • likar å kommunisere og vere med å skape trivsel og tryggleik i eit aktivt og sosialt miljø
  • har interesse og kunnskap om demenssjukdommar og miljøterapi i demensomsorga
  • er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • er glad i å vere i fysisk aktivitet både inne og ute
  • er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
  • har evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Arbeidsvilkår:  Dagtid med arbeid kvar 4 helg.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.

Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Grete Hagen Myklebust, Avdelingsleiar Solkroken, 479 06 593, grete.hagen.myklebust@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5079077861
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Wenche Flo

Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim

957 12 120

wenche.flo@orsta.kommune.no

Grete Hagen Myklebust

Avdelingsleiar Solkroken

479 06 593

grete.hagen.myklebust@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

21506a13-cace-40c3-8eba-f27a89877efb

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c7da70d3d1bb48d3bd5a74e5866b341d

Lignende annonser