Vil du jobba i ein ny, liten og sentrumsnær barnehage?
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast 100% stilling som barnehagelærarar i Lærdal kommune
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Har du lyst til å vere barnehagelærar i Lærdal kommune, då kan denne stillinga vere aktuelle for deg og du har all grunn til å lesa vidare.
Borgund barnehage er ein liten og oversiktleg barnehage med to avdelingar, som er ein del av Borgund Oppvekstsenter. Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen og SFO, og ligg midt i lokalsamfunnet. Me har eit inkluderande og trygt barnehage- og arbeidsmiljø, der læring gjennom leik står sentralt i det pedagogiske arbeidet.I Borgund barnehage har både barn og vaksne fokus på fellesskap, trivsel og berekraft i kvardagen. Me legg vekt på gode relasjonar, nærleik til naturen og bruk av nærmiljøet som læringsarena. Barnehagen arbeider aktivt med å skape ein heilskapleg og trygg oppvekst for barna, i tett samarbeid mellom barnehage, skule og heim.
Gjennom felles refleksjon og rettleiing arbeider me systematisk med å utvikle eigen og felles pedagogisk praksis. Me møtest jamleg for å drøfte utfordringar, dele erfaringar og ta kunnskapsbaserte pedagogiske val – alltid med barnet sitt beste som utgangspunkt.
Me søkjer etter ein barnehagelærar i fast stilling snarart. Tiltreding etter avtale.Andre søkjarar med relevant utdanning og erfaring frå arbeid med barn kan òg verte vurderte.
Utdanning/kvalifikasjonar for stillinga:- Godkjent barnehagelærarutdanning
- Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om ansetting og før tiltreding
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt
- Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner
- Du er oppteken av barn si utvikling, og har fokus på leik og læring gjennom trygge relasjonar
- Du har god kjennskap til rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver
- Du trivast med å jobbe tett på barna, og samarbeider godt med foreldra deira
- Du vert opplevd som ein trygg og tydeleg vaksenperson i møte med barna våre
- Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo
- Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet
- Planlegging- og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i barnehagen
- Tett samarbeid med pedagogisk leiar på avdelinga
- Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
- Samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidsaktørar
- Vere bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vere tilsett i Lærdal kommune. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge barnehagane i Lærdal kommune.
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2115a858-2170-41f9-835e-cc4e91a8b753
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3581323_229325_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Luster kommune Solvorn oppvekstsenter
Sted
Solvorn
Arbeidsgiver
Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule
Sted
Hafslo
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
Sted
Sogndal