Midtsoneassistent
Medisinsk sengepost og kreft sengepost Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Midtsoneassistent
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. april
Medisinsk sengepost 1 og 2 samt Kreft sengepost ved Førde sentralsjukehus søkjer ein positiv og påliteleg medarbeidar til ein praktisk og meiningsfull støttefunksjon i eit hektisk og lærerikt miljø.
- Stilling: Midtsoneassistent
- Periode: 03.08.2026 - 31.01.2027
Om stillinga
Midtsoneassistent er ei service- og støttefunksjon der hovudoppgåva er å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske oppgåver.
Som midtsoneassistent bidreg du til tryggleik og god flyt i avdelingane gjennom viktige praktiske gjeremål i kvardagen.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og trivst med å vere der det skjer. Rolla krev ikkje formell helsefagleg utdanning.
Medisinsk sengepost 1 og 2
- Medisinsk sengepost 2 har spesialisering innan mage/tarm, lunge, lungekreft og utgreiing
- Medisinsk sengepost 1 har nyre, diabetes og endokrinologi, og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt. Vi samarbeidar tett på tvers av postane.
Kreft sengepost
Kreft sengepost behandlar pasientar med diagnostisert kreft og blodsjukdommar, samt pasientar som treng lindrande behandling. Avdelinga tek imot pasientar til planlagt behandling og ved akutt behov.
Arbeidsoppgåver
- Midtsoneassistenten arbeider både på medisin- og kreft sengepost
- Førefallande arbeid av ikkje-medisinske oppgåver t.d. rydde rom, vaske utstyr og skylleromsarbeid
- Kjøkkenteneste; servere mat, bestille varer, halde orden
Kvalifikasjonar
- Det er krav om fullført vidaregåande skule
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring og kurs i interne program vert gitt.
Personlege eigenskapar
- Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Tilpassingsdyktig
- Påliteleg og arbeidssam
- Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Varierte og spennande oppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Arbeidstid dagtid
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 1, 578 39 306Anne Mari Indrebø, Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 2, 578 39 411
Ida Juklestad, Seksjonsleiar kreft sengepost, 578 39 313
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5113021739
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 29.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Ida Juklestad
Seksjonsleiar kreft sengepost
578 39 313
Anne Mari Indrebø
Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 2
578 39 411
Magnus Jarl Midtvoll
Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 1
578 39 306
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
20f6734b-560d-4e76-a7fa-86bc3376b8f0
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9c3d5cd3c0db410aac3293c6dd4b228b