Politibetjent 3/2/1 Geografisk driftsenhet Sogn og Fjordane
Vest politidistrikt
Fjørevegen 20, 6856 Sogndal, Hafstadvegen 51, 6800 Førde, Statens Hus, Rådhusvegen 8, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Politibetjent 3/2/1 VÅR 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Om stillinga
I Vest politidistrikt har me ledig faste stillingar som politibetjent 3/2/1 i GDE Sogn og Fjordane. Erfaringsmessig vil det dei neste månadene vera ledig ein eller fleire stillingar på alle stasjonane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dette er kombistillingar med arbeidsoppgåver innan førebygging, orden og etterforsking, der etterforsking utgjer i overkant av 50 prosent av innhaldet i stillinga.
Studentar som blir uteksaminert ved Politihøgskulen sommaren 2026 er også velkommen til å søkja, sjølv om vitnemålet ikkje er komplett.
Med om lag 150 årsverk sørvar me 110000 innbyggjarar. Me ynskjer å vera i forkant av kriminaliteten, og samarbeider tett med kommunar, frivillige organisasjonar og næringsliv for å bidra til at Sogn og Fjordane også i framtida skal vera ein trygg stad å bu.
Me leverer 24/7 beredskap, er synleg i lokalmiljøet og bidreg til god oppklaring gjennom desentralisert etterforskingsstruktur. Me har også ein eigen etterforskingsavdeling som jobbar med dei høgst prioriterte straffesakene. Årleg utstedar me om lag 16000 pass og id-kort.
Du som jobbar kombiteneste utgjer politpatrulja i distriktet. Den skal førebyggja, avdekka og etterforska kriminalitet. I tillegg skal politipatrulja yta publikum service, hjelp og vern når situasjonen krev det. Politiarbeid på staden (PPS) er ein sentral arbeidsmetode for politipatruljen, og bind saman politioperativt arbeid med etterforsking og førebyggjing. Du er ute og løyser oppdraget, for så å vera med å etterforska saka vidare.
Du får også vera med å utvikla dine operative ferdigheiter gjennom gode IP-treningar. Som etterforskar føl du HEVE. I tillegg kan du søkja vidareutdanningar.
I Sogn og Fjordane er det mogelegheiter for karrierereiser og fagutvikling innan etterforsking, førebygging og operativt politiarbeid; t.d. innsatsleiing, UEH, etterforskingsleiing, fagleiing, politikontakt, spesialetterforsking, tilrettelagd avhøyr, trafikk, digitalt politiarbeid m.m.
Sogn og Fjordane byr og på eit eldorado innan friluftsliv både sommar og vinter. Her kan du boltra deg på ski nedetter bratte fjellsider, eller nyta livet på ein knaus eller strand ved sjøen. Det er ikkje utan grunn at Sogn og Fjordane før ny fylkesstruktur vart omtala som trivselsfylket!
Har du studielån, så vil du også kunna få gjeldssletting i samsvar med lånekassen sine reglar.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal me førebyggja og nedkjempa kriminalitet, skapa tryggleik og vareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gje deg det du treng.
Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar
Me ynskjer deg som har evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag. Du er resultatorientert med evne til å ta avgjerder, er nysgjerrig og har god gjennomføringsevne.
Er du framoverlent, fleksibel, ansvarsfull og evnar å jobba sjølvstendig med varierte oppgåver i eit mindre lokalmiljø? Då er det nettopp deg me treng i Sogn og Fjordane.
Arbeidsoppgåver
- Kombinert teneste (førebygging, etterforsking og patrulje)
- Vakt og beredskap i turnusteneste etter dei til ei kvar tid gjeldande tenestelister. Beredskapsvakt må påreknast
- Andre oppgåver pålagd av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vera kvalifisert:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen.
- Søkjar må vera IP-godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli det
- Søkjar må ha førarkort klasse B, vera godkjend som utrykkingssjåfør, eller kvalifisert og villig til å bli det
- God munnleg og skriftleg framføring
- Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar
- God på samarbeidsevner og kunna bidra aktivt til å skapa samhald og trivsel
- Initiativrik og nysgjerrig på eigen arbeidskvardag
- Engasjert i samfunnsoppdraget, ansvarsfull og løysingsorientert
- Særleg kunnskap om og motivasjon for å bli og utvikla deg i GDE Sogn og Fjordane vil bli etterspurd og vektlagt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjena våre og medarbeidarplattforma her.
Dette kan me tilby om du vel oss
Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi i lokalsamfunnet. Arbeidsdagen vår er spennande, variert og hektisk, der det er behov for å snu seg rundt på kort varsel. Du får brukt heile deg!
Stillingane blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457:
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 630 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 540 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000
Hos oss vil du få gode arbeidsvilkår der du får moglegheit til å påverka eigen arbeidskvardag og utvikla deg (turnus, trening i arbeidstida, o.l). Du vil og få medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 i samsvar med gjeldande kompetansekriteriar for Pb2 og Pb3. Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppena blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gjev, blir brukt til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar på i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcKontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekkjer 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har kontor sitt i Bergen, og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
20ac0ec4-d940-4a8d-bbf5-c4662273d40b
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10285899
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen, Fyllingsdalen, Nyborg, Nesttun, Straume
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen