Hopp til innhold

Kontaktperson HAFS barnevernteneste

Arbeidsgiver

Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste

Sted

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

HAFS barnevernteneste jobbar for å finne gode løysingar for barn og føresette i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, og vi har no ledig ei 100 % fast stilling som kontaktperson frå snarast. Eininga har ti stillingar med engasjerte medarbeidarar som samarbeider om å løyse utfordringar og sjå moglegheiter til det beste for barn og familiar i regionen.

No søker vi etter deg som trur på barn og foreldre sine ibuande ressursar og ønsker å hjelpe dei i vanskelege livssituasjonar. Du vil ha kontor i Dale i nye, hyggelege lokale. Her jobbar du i eit tverrfagleg team med låg terskel for å søke støtte og råd hos kollegaene. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og tek gjerne eit kjapt møte i sofaen for å drøfte ulike problemstillingar.

Varierte og givande arbeidsoppgåver

Dei tilsette arbeider med alle delar av barnevernfaget: undersøking, tiltaksarbeid og barn under omsorg etter barnevernlova. Vi ser etter deg som har eit ekte engasjement for menneske og ikkje er redd for å stå i krevjande situasjonar. Du gler deg over "dei små stega" og er god til å skape tillit og relasjonar. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet.

Sjansen til å utvikle deg

Du vil få interessante og faglege utfordringar og sjanse til å utvikle deg. Drøftingar internt og eksternt er med på å halde oss orienterte på det som skjer i fagfeltet, noko som er viktig for å gi rett hjelp til riktig tid. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • sakshandsaming etter barnevernslova 
  • undersøkingsarbeid etter barnevernlova
  • direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
  • fosterheimsoppfølging
  • samarbeid med andre instansar
  • arbeid med akutte situasjonar/kriser
  • oppfølging av oppdragstakarar i tiltak

Noko kvelds- og helgejobbing må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnevernpedagog eller sosionom
  • Rettleiingskompetanse er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • raus, audmjuk og omgjengeleg
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • kan arbeide sjølvstendig, er fleksibel og har pågangsmot 
  • jobbar strukturert

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
  • 50 000,- alltid på topp tillegg for høgskuleutdanna
  • fleksibel arbeidstid 
  • gode pensjonsordningar og rabatterte forsikringar i KLP

Om du vil vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort engasjement for barn og familiar, håpar vi å høyre frå deg.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kjersti Valvik

+47 +4795156733

Kjersti.Valvik@fjaler.kommune.no

Om bedriften

HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ti stillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1fa6fe40-c10b-4b81-a56d-a20f03469b6a

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3590355_175421_nn

Lignende annonser