Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Stavanger og Sjukehusapoteket Våland
SIS Sjukehusapoteket i Stavanger, Sjukehusapoteka Vest
Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 Stavanger, Leif Larsens gt. 8, 4021 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Stavanger og Sjukehusapoteket Våland
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?
Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til å anvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarne kollegaer i eit stimulerande fagmiljø.
Kven er vi?
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt vel 350 medarbeidarar, fordelt på seks sjukehusapotek og
ein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag får
legemidla dei treng på ein trygg og riktig måte.
På sjukehusapoteket i Stavanger er vi cirka 90 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar,
farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fire ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i produksjonsavdelinga, sjukehusekspedisjonen og
publikumsavdelinga. I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i
sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Stavanger får legemidla dei
treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel
på eller utan resept
På sjukehusapoteket på Våland er vi 7 medarbeidarar, både farmasøytar og apotekteknikarar. Vi er fordelt på to avdelingar som jobbar tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i begge avdelingane. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at avdelingane på sjukehuset på Våland får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept
Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 22. juni til 16. august. Du må gjerne jobbe heile denne
perioden, iallfall minst fem-seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er det
kjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe.
Skriv også om du ønskjer å jobbe på eit av apoteka eller om det er det sama kva apotek du jobbar på.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kvalifikasjonar:
- farmasistudentar, med og uten ekspedisjonsrett, og elevar på apotekteknikar linja
- andre studentar/kandidater med interesse for faget og stillinga
- gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- gode IKT-kunnskapar
Kven er du?
- Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr:
- sjansen til fagleg og personleg utvikling
- gode og støttande kollegaer
- opplæringa du må ha
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marit Ravndal, Sjukehusapoteker, +47 40453659Marita Hanasand, Sykehusapoteker, 91836341
Arbeidsstad
Leif Larsens gt. 84021 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5065986909
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Marita Hanasand
Sykehusapoteker
91836341
Marit Ravndal
Sjukehusapoteker
+47 40453659
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1f95d2be-f811-4773-924f-29c6111c852f
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74f02b49e4d84503a2273f92cb0146ba
Lignende annonser
Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Haugesund
Arbeidsgiver
SIH Sjukehusapoteket i Haugesund, Sjukehusapoteka Vest
Sted
Haugesund
Sommervikarer 2025
Arbeidsgiver
Klinikk for medisinsk service og ABK, Avdeling for medisinsk biokjemi, Helse Stavanger HF
Sted
Stavanger
Sommervikariat som lege ved Stavanger legevakt
Arbeidsgiver
Stavanger legevakt: Leger (7), Stavanger kommune
Sted
Stavanger