Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Haugesund
SIH Sjukehusapoteket i Haugesund, Sjukehusapoteka Vest
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Haugesund
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?
Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til å anvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarne kollegaer i eit stimulerande fagmiljø.
Kven er vi?
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt vel 350 medarbeidarar, fordelt på seks sjukehusapotek og
ein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag får
legemidla dei treng på ein trygg og riktig måte.
Her på sjukehusapoteket i Haugesund er vi ca. 40 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fem ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman. I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i sjukehusekspedisjonen og publikumsavdelinga. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Fonna får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept.
Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 22. juni til 16. august. Du må gjerne jobbe heile denne
perioden, iallfall minst seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er det
kjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe. Uke 27-32 er behovet for vikar størst.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kvalifikasjonar:
- farmasistudentar, med og uten ekspedisjonsrett, og elevar på apotekteknikar linja
- andre studentar/kandidater med interesse for faget og stillinga
- gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- gode IKT-kunnskapar
Kven er du?
- Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr:
- sjansen til fagleg og personleg utvikling
- gode og støttande kollegaer
- opplæringa du må ha
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Maria Birgitte Rossebø Areklett, Sjukehusapoteker, +47 93401870Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5066030312
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Maria Birgitte Rossebø Areklett
Sjukehusapoteker
+47 93401870
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e28f4046-76e1-410c-aae4-dab6ba5f4608
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
197b7c77ea7c47019a67464968cb2cc1
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Haugesund kommune, Helse og omsorg
Sted
Haugesund
Ferievikar Skudenes Legesenter/Bygnes legesenter
Arbeidsgiver
Legetjenester, Karmøy kommune
Sted
Skudeneshavn, Kopervik
Arbeidsgiver
Skudeneshavn sykehjem, Karmøy kommune
Sted
Skudeneshavn