Hopp til innhold

Ledig 100 % vikariat – tenestene for funksjonshemma avd. Amtskaia

Arbeidsgiver

Open omsorg ytre, Bremanger kommune

Sted

Amtskaivegen, 6729 Kalvåg

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. juli

Vi har ledig 100% vikariat i perioden 10.08.26 til 14.03.27 med mulighet for forlenging og fast tilsetjing.  Vikariatet er knytt til miljøarbeid for menneske med nedsett funksjonsevne. 

Stillinga inneber turnusarbeid med ulike vakter – langvakter, døgnvakter , i kombinasjon med vanlege dag-/kveldsvakter og kvilande nattevakter. 


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid der vi arbeider 1:1
  • Rettleiing og oppfølging i dagleglivets gjeremål
  • Bidra til tryggleik, struktur og meistring
  • Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre tenester
  • Dokumentasjon 

Kvalifikasjonar

  • Personar med fagbrev i helse- og barne-  ungdomsarbeidarfaget
  • Personar med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne er ein fordel men om du ikkje har erfaring skal vi gje deg god opplæring
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Trygg, omsorgsfull og tålmodig
  • Strukturert og påliteleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team 

Vi tilbyr

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. 

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ 

I tillegg får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. 
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!    

Kontaktinformasjon

Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940

Arbeidsstad

Amtskaivegen
6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5150975435
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Karine Igland

Drifssjef Open omsorgs ytre

+47 959 82 940

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1f345353-f98f-443c-be51-751a0f7fd6b0

Sist endret

26. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

873c92a5ee954249918f3b37dbea7718

Lignende annonser

Laster lignende annonser