Hopp til innhold

Byggevareseljar, 100% Trelast og byggevare

Arbeidsgiver

Vestbygg As

Sted

Grytøyra, Ytre Fjaler, 6963 Dale i Sunnfjord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Byggevareseljar, 100% Trelast og byggevare
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Byggevareseljar, 100% Trelast og byggevare

Vestbygg AS, Grytøyra, Ytre Fjaler

Er du nøyaktig, sjølvstendig og trivst i kontakt med både handverkarar og privatkundar?
Vestbygg AS søkjer ein allsidig byggevareseljar i 100 % stilling til vårt anlegg på Grytøyra i Ytre Fjaler.

I denne stillinga blir du eit viktig bindeledd mellom kontor, butikk og trelastlager. Du vil arbeide tett med kundar, leverandørar og kollegaer, og få varierte oppgåver som krev både fagleg forståing, struktur og god serviceinnstilling.

Sentrale arbeidsoppgåver
  • Tilbodsrekning, kalkulasjon og sal: Utarbeiding av pristilbod til byggje- og byggevareprosjekt
  • Prosjektstøtte: Oppfølging og rettleiing av kundar og profesjonelle aktørar gjennom byggjeprosjekt
  • Varebestilling og logistikk: Innkjøp og oppfølging av leverandørar
  • Økonomi og administrasjon: Fakturering og generelle kontoroppgåver
  • Kundeservice: Betening av kundar i butikk og på trelastlager ved behov
  • Systembruk: Arbeid i Nextstep og PowerOffice Go (opplæring vil bli gitt) 
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
  • Erfaring frå byggjebransjen, byggevarehandel eller relevant kontorarbeid er ein stor fordel
  • God økonomisk forståing og erfaring med fakturerings- og økonomisystem
  • Strukturert, nøyaktig og i stand til å arbeide sjølvstendig
  • Trivst med sal, kundekontakt og relasjonsbygging
  • Det er fordel med bil- og trucksertifikat.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg 
Me tilbyr
  • Ei variert og sjølvstendig stilling i ei solid og lokalt forankra verksemd
  • Eit uformelt og godt arbeidsmiljø• 100% fast stilling
  • God opplæring i system, rutinar og arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktige vilkår med lønn etter avtale 
Søknad og kontakt

Søknadsfrist: 10.02.26

Søknad sendes via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Send søknad og CV til: lene.takvam@vestbyggas.no

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med: Reidar Tysse på tlf. 481 45 478

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1f1e094a-097c-41cd-a2c0-61e41ad216a4

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4554824

Lignende annonser

Laster lignende annonser