Hopp til innhold

Tømrere Førde/Sunnfjord

Arbeidsgiver

Veidekke Entreprenør AS

Sted

Fjærevegen 1, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Tømrer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Veidekke Bygg avdeling Førde har behov for fleire tømrarar til våre prosjekt i Sunnfjord-regionen.

Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i tømrarfaget og lyst til å vere med å vidareutvikle vår avdeling i Førde innan våre satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg. Har du erfaring som bas eller formann er det eit stort pluss.

Som tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev innan tømrarfaget (anna relevant erfaring/kompetanse kan bli vurdert -- vi tilset også vaksenlærlingar)

  • Snakkar norsk, svensk eller dansk

Profil
  • Engasjert

  • Kvalitetsbevisst

  • Interessert i ny teknologi og digitalisering

  • Høgt fokus på HMS

Vi tilbyr deg:
  • Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgivar

  • Fri mobiltelefon

  • Personleg verktøypakke

  • Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon

  • Framtidsretta arbeidsmetodar, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar

Vi har eit bredt spekter av kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av dei tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.

Er du interessert eller lurer på noko om stillinga? Ta gjerne kontakt med oss:

Om bedriften

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

efbccad3-469f-41dd-b0e5-ffe9ad78139e

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

457514197

Lignende annonser

Laster lignende annonser