ID 1009 Avdelingssjukepleiar Fitjar legesenter 100% stilling
Fitjar legekontor
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. august
Vil du vere med og utvikle framtidas helsetenester?
Fitjar kommune søkjer ein engasjert og handlekraftig avdelingslingssjukepleiar til vårt legesenter. Du vil få ei sentral rolle i å leie og vidareutvikle eit kompetent fagmiljø med fokus på kvalitet, pasienttryggleik og god drift. Du vil også vere ein del av den daglege drifta på legesenteret.
Om stillingaStillinga inneberpersonalansvar for kontorpersonale og oppfølging av politiske vedtak og, budsjettoppfølging i tett samarbeid med einingsleiar*.*
Som avdelingssjukepleiar har du både fagleg og administrativt ansvar for dagleg drift av legesenteret. Du vil vere ein viktig bidragsytar i å sikre gode pasientforløp, tilretteleggje for effektiv drift, og utvikle eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Stillinga inneber samarbeid med både legar, helsefagleg personell og andre instansar i kommune og helseføretak.
Arbeidsoppgåver-
Leiing av den daglege drifta ved legesenteret
-
Driftsoppgåver på legesenteret
-
Personalansvar for kontorpersonell
-
Oppfølging av HMS og kvalitetssystem
-
Planlegging og gjennomføring av utviklingsarbeid
-
Samarbeid med kommunehelsetenesta og andre partnarar
-
Deltaking i Fitjar kommune sitt kriseteam
-
Sjukepleiar
-
Leiar / administrativ utdanning er ein fordel
-
Leiarerfaring frå helse- og omsorgssektoren
-
God kunnskap om offentleg forvaltning og helsetenester
-
Gode digitale ferdigheiter
-
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
-
Du er tydeleg og trygg i leiarrolla
-
Du har god evne til samarbeid og kommunikasjon
-
Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
-
Du trivst med å ha ansvar og å ta initiativ
-
Personlege eigenskapar vert stert vektlagt.
-
Ei spennande og utfordrande stilling i eit viktig fagmiljø
-
Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
-
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
-
Løn etter avtale og gjeldande tariffavtalar
-
Den som blir tilsett må ha førarkort klasse B, og kunne disponere eigen bil
-
Det er krav om politiattest av nyare dato ved tilsetjing
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Diana Bergeland tlf. 952 43 278
Søkjarar vert normalt ført opp i offentleg søkjarliste. Kommunen kan gje unntak etter nærare vurdering jf. Offentleglova § 25. Søkjar må grunngje oppmoding om unntak frå offentlegheita. Vert oppmodinga ikkje teke til følgje, vert søkjar varsla om dette.
Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk.
Søknadsfrist: 1.8.2025 - lang søknadsfrist grunna ferieavvikling.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar kommune har eit legekontor med 6 fastlegestillingar med felles lokale i Fitjar legesenter. Legesenteret har også lege i spesialisering (LIS1). Les meir på: https://www.fitjar.kommune.no/lege-og-legevakt.425362.nn.html
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1ed0abf2-806f-44aa-960c-79ade3352aa7
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1ed0abf2-806f-44aa-960c-79ade3352aa7