Hopp til innhold

Tilrettelagde tenester søkjer fagarbeidar

Arbeidsgiver

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Lom

Om jobben

Oppstart
1. oktober 2026
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Vil du vere med og skape gode dagar for andre?

I tilrettelagte tenester møter du menneske med ulike bistandsbehov, og får vere med på å skape ein kvardag prega av meistring, tryggleik og livsglede. Ingen dagar er heilt like, og du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag saman med engasjerte kollegaer.

Nå har vi ledig to faste stillingar som fagarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.

Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

  • Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.

  • Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.

  • Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.

  • Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.

  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.

  • Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.

Vi ser etter deg som

  • Er raus, positiv og engasjert.

  • Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell.

  • Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide.

  • Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing.

  • Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk.

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap.

Kvalifikasjonar

  • Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

  • Førarkort klasse B.

  • Gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.

Kvifor velje oss?

Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel.

Vi tilbyr:

  • To faste stillingar i 100 %.

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

  • Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.

  • Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.

Turnusarbeid. Stillingane har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.

Velkomen som søkjar -- vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktperson for stillingen

Ann Kathrin Flækøy

Avdelingsleiar tilrettelagte tenester

47453241

ann.kathrin.flakoy@lom.kommune.no

Om bedriften

I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.

Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1ea116ef-8205-4ca7-894a-961f05f18305

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

1ea116ef-8205-4ca7-894a-961f05f18305

Lignende annonser

Laster lignende annonser