Hopp til innhold

ID 1053 Barne- og ungdomsarbeidar – to vikariat i skule og SFO (62 % og 89 %)

Arbeidsgiver

Rimbareid Barne- Og Ungdomsskule

Sted

Storhaugvegen 6, 5419 Fitjar

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeider barn
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 89%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Ønskjer du å jobbe i skule og SFO? Me søkjer ein trygg og tydeleg relasjonsbyggjar.

Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1-10. skule med om lag 360 elevar. Skulen ligg flott til på Rimbareid i Fitjar kommune med utsikt over store delar av bygda, og står fram som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.

Rimbareid skule skal vere ein inkluderande skule, der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulere elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagt, utforskande og praktisk undervisning.

Stillinga på 89% er i skule og SFO. Ledig frå dags dato og ut året, kan bli forlenga.

Stillinga på 62% er i skule. Ledig frå dags dato fram til skulen tar sommarferie.


Me søkjer etter medarbeidarar som har:

• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt anna relevant utdanning og erfaring.
• Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

Me tilbyr:
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

  • Interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule.

Me ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstorleik du ønskjer

Send inn oppdatert CV og referansar når du søkjer. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.

Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11

Kontaktperson for stillingen

Tove Kristin Tverderøy

Rektor

95203735

tovtve@fitjar.kommune.no

Om bedriften

Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1.--10. skule med om lag 350 elevar. Han ligg flott til på Rimbareid med utsikt over store delar av bygda. Skulen framstår som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde. Visjonen for skulen er kunnskap og venskap hand i hand.

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1dfdbd41-b08f-4687-bdea-4edc2f8b8594

Sist endret

20. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

1dfdbd41-b08f-4687-bdea-4edc2f8b8594

Lignende annonser

Laster lignende annonser