Hopp til innhold

Psykiater

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykiater
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ved vår nye sengepost for Psykosebehandling SNR søkjer vi ein engasjert og fagleg sterk psykiater, som ønskjer å vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.  

Den nyoppretta sengeposten skal tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Som psykiater vil du vere sentral i utforminga av behandlingstilbodet, og vere ein pådrivar for utvikling rutinar, faglege tilnærmingar og eit godt arbeidsmiljø.  

Seksjonen Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei breidt samansett personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematmikk og ulik behandling (medikament, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming). 

I det nye psykiatribygget er det eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø med fleire psykiatarar, legar i spesialisering og andre behandlarar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av psykiske lidingar, i hovudssak psykoseproblematikk
  • Internt samarbeid og eksternt samarbeid
  • Undervisning og rettleiing av miljøpersonale, legar i spesialisering og medisinstudentar
  • Samarbeid med miljøpersonale og andre behandlarar om ulike behandlingstilnærmingar
  • Vedtaksskriving
  • Deltaking i fagutvikling, forsking og andre tiltak for kompetanseheving
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Overlege innan psykiatri
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse på behandling av pasientar med psykoselidingar
  • Erfaring frå arbeid med lovverk og vedtak ihht psykisk helsevernlov
  • Førarkort klasse B (personbil)

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du arbeider strukturert og deltek aktivt i utviklingsarbeid
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollega i seksjonen
  • Du deltek på ein positiv måte for å skape eit godt arbeidsmiljø på tvers av faggrupper
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Ingunn Romundstad Innerdal, Konst. seksjonsleiar, Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5063063369
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.02.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1df6ab00-110d-4436-84d9-ce9aae54aa5d

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ec63e57f68744effbf89e7392772d2e3

Lignende annonser

Psykiater

Arbeidsgiver

Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset